Arrangementsleiar Lars Olav Larsen kunne seie seg svært nøgd det nittande Ølmedal rundt, der også veret sette sitt preg på den gode stemninga.
— Det har vore ein draum i år, og arrangementet når stadig nye høgder. Me har fått mykje støtte frå bedrifter òg, det har ikkje vore nei å få frå våre funksjonerar, seier Larsen. Med 1126 deltakande i årets Ølmedal rundt, vart det nesten deltakarrekord, berre førti frå rekorden. Nesten skyfri himmel og ein varme som viser at sommaren nærmar seg, gjorde sitt til at iskøen vart stor, og Røde Kors sine vassdunkar nesten gjekk tomt. Den litt over sju kilometer lange løypa rundt Ølmedalsvatnet, vart ein fin tur for gamle og unge, som anten brukte sykkelen, rulleskøytene eller gjekk rundt i dei flotte omgivnadane. Kring åtti år gamle Margrete Skogen frå Imsland var nok ei av dei eldste damene som tok turen rundt vatnet.
— Det har vore ein fin tur i det flotte veret. Mange har gått forbi meg, men eg går mitt eige løp rundt her, seier ho og smiler.
Tredjeplass til langrennskjendisane
Sjølv om langrenn er deira sterkaste side, gjorde Odd Bjørn Hjelmeset og Hilde Gjermundshaug Pedersen ein god prestasjon i løypa. Begge kom på ein tredjeplass, som dei er godt nøgde med.
— Eg likar å konkurrera, og hadde ikkje noko mål om topplassering her. Eg er mest med for moro skyld, og veit at dei som kom føre meg er mykje betre til å springa enn meg, seier ei glad Hilde G. Pedersen. Odd Bjørn Hjelmeset hadde heller ingen ambisjonar om topplassering før start.
— Eg hadde ikkje Susanne Wigene å henga meg på inn mot mål i år, så det blei ikkje like godt i år som i fjor. Men det er veldig kjekt å få vere med og delta. Ei fantastisk ramme rundt arrangementet og kjempestemning, skryt han. Hjelmeset, som hadde tatt feil tid av flyet sitt, måtte stå opp klokka fem om morgonen for å køyre til Ølmedal.
— Tvilar på at det hadde noko å seie på prestasjonen min, det gjekk så fint at, seier ein nøgd Hjelmeset.
Leia frå start til slutt
Badhaso Daabayaa frå Skjalg heldt leiinga gjennom heile løypa og slo Karl Johan Rasmussen frå Haugesund IL med knappe tolv sekund med tida 20.35min.
— Eg er veldig fornøgd med å vinna i dag. Sjølv om eg presterte å springa noko feil, klarte eg å henta meg inn til siger, seier ein glad Daabayaa. Rasmussen var ikkje like nøgd over eigen innsats som vinnaren var.
— Det var kjempeforhold i dag, og eg hadde håpa på å komme først over målstreken i dag. Eg gjekk fort ut, men det var ikkje mykje å gjere med Daabayaa, han var best. Rasmussen ser nå mot slutten i sin løpskarriere, og har ikkje mange løp igjen før han legg skoene på hylla. På tredjeplass kom Odd Bjørn Hjelmeset, kring halvanna minutt bak vinnaren. Av dei lokale i topplasseringane, vart det eit spurtoppgjer mellom skiløparane Thomas Vestbø frå Sandeid og Chris Jespersen frå Skånevik. Jespersen hadde mest krefter igjen og tok sjuandeplassen sekundet føre Vestbø.
I kvinneklassen vart det ein solid siger til Vigdis Holst, som spring for GTI-Stavanger. Holst vann med nesten halvminuttet med tida 25.07min føre Miriam B. Hovda frå Haugesund IL, som igjen kom inn halvminuttet føre Hilde Gjermundshaug Pedersen. Holst viste her at dei gamle er eldst då ho slo 18 år gamle Hovda. Gjermundshaug Pedersen hadde også med seg døtrene Ida og Eli på 18 år til Ølmedal. Eli G. Pedersen var med å sprang løpet og kom inn til ein sjetteplass på tida 28.06min., to minutt bak mor si.
Folkefest og sol i Ølmedal
Arrangementsleiar Lars Olav Larsen kunne seie seg svært nøgd det nittande Ølmedal rundt, der også […]