For glatt for skyss

Synne Merete Mæle og Arne Frøkedal Inge Tendal (54) har fartstid som bussjåfør i over […]



Synne Merete Mæle og Arne Frøkedal

Inge Tendal (54) har fartstid som bussjåfør
i over 22 år. Måndag morgon var forholda på vegen så dårlege at den røynde
sjåføren frå Skånevik valte å setja frå seg bussen. 20 skulebarn som skulle til
Skånevik skule, stod utan skyss.

I ettertid har Tendal berre fått positive
tilbakemeldingar på avgjerda si om å setja barna sin tryggleik først. Foreldre
har takka han, og han har mottatt blomar.
— Etter mi første rute frå Skånevik
til Etne måndag klokka 06.40 var valet enkelt. Det var våt is langs heile
vegen, og ingen spor av salting. Barna blir prioriterte først. Det er tross alt
menneske eg fraktar, seier bussjåføren med fartstid på 22 år som bussjåfør.

Reagerer
Grannar har fått fleire telefonar frå frustrerte
foreldre som bur langs Skånevikstranda. Det er ikkje første gong den 14
kilometer lange skulevegen til Skånevik er såpeglatt og nærast uframkomeleg.
— Me har tatt dette med strøying og brøyting opp
med dei ansvarlege mange gonger, men får ingen respons. Tendal er ein stødig
sjåfør, men slik forholda var denne dagen med speilblank is, var den
fullstendig uforsvarleg å køyra, seier Ann Elisabeth Nordbø til Grannar.
Sjølv måtte ho eit ærend til Haugesund denne
dagen med privatbilen, og fekk oppleva forholda langs den smale og svingete
fylkesvegen.
Også elevar på «Strando» som høyrer til Enge
skule i Etne, blei ståande utan skyss denne dagen.

Godt skodd
Bussen frå selskapet Skyss er godt skodd
med seks piggdekk, og burde takla dei fleste forholda på vegen. Ifølgje Inge
Tendal er det ikkje eit alternativ å leggje på kjetting. Bussjåføren har
rutetider han må nå, og det vil vere for tidkrevjande å ta kjetting av og på
bussen. Møtande biler er også eit problem når dei legg ut med piggfrie dekk på
dette føret, seier Tendal.

Følg saka i papirutgåva torsdag.