Føretrekkjer skipsoffiserar

Næringskomiteen på Stortinget sende torsdag skipsfartsmeldinga vidare til Stortinget, der ho skal handsamast på tysdag. […]

Næringskomiteen på Stortinget sende torsdag skipsfartsmeldinga vidare til Stortinget, der ho skal handsamast på tysdag. Det er ikkje fleirtal for å vidareføra nettolønnsordninga for utanriksferjene, medan ordninga blir vidareført for blant andre offshorerederia.
Regjeringspartia sikrar med sin modell nettolønn for alle offiserstillingar i NOR- og NIS-flåten og opplæringstilskot til desse. Olav Akselsen (Ap) frå Stord, er sakshandsamar for meldinga. Han meiner fleirtalstilrådinga betyr ei dramatisk forverring av rammevilkåra samanlikna med ordningane nabolanda Sverige og Danmark har. Han fryktar utflagging og tap av mange arbeidsplassar.

Dersom Stortinget vedtar tilrådinga frå regjeringspartia, vil ferjerederiet Fjord Line frå Hordaland mista 60 millionar kroner i lønnstilskot. Styret i ferjerederiet har alt vedtatt utflagging dersom selskapet mister lønnstilskotet.
May-Britt Vihovde frå Sveio og regjeringspartiet Venstre har ikkje stor forståing for at Fjord Line førebur utflagging som følgje av regjeringa sin skipsfartspolitikk. Til Haugesunds Avis fredag seier ho seg lei for at Ap og Frp tenkjer på bartenderane og stuepikene på ferjeselskapa som seglar i utanriksfart. Ho føretrekkjer heller norske offiserar.

Det er ikkje noko nytt verken at norske skip flaggar ut eller at det ikkje er plass til «vanleg mannskap» i den norske skipsflåten. Det er lenge sidan den norske sjømannen gjekk i land. Han er for lengst erstatta med mannskap frå andre himmelstrok. Dette har lenge vore ein vilja politikk som nå blir ført vidare i regjeringa si skipsfartsmelding.
Dersom Vihovde og hennar regjeringskameratar meiner meldinga deira sikrar det maritime miljøet, som ho hevdar overfor Haugesunds Avis, trur me dei må tenkja om att. Tvert om trur me den vil svekka rekrutteringa til sjømannsyrka ytterlegare. Ikkje berre for dekksgutar og stuepiker, men også for offisersyrka. Det burde ikkje vera ukjent for Vihovde at det berre i Haugesund går mange nyutdanna sjøfolk som ikkje får seg hyre.