Fornufta vann

Å få eit budsjett i hamn utan at det vert diskusjonar om ei einaste krone […]

Å få eit budsjett i hamn utan at det vert diskusjonar om ei einaste krone er ein god prestasjon, spesielt i ein kommune som ikkje har god råd og det i tillegg skjer utan innføring av eigedomsskatt og nedlegging av skular. Rett nok har budsjettet fått god hjelp av ekstraløyvingar frå staten, men politikrane har også vist fornuft, samt vilje til å finna dei beste løysinga for heile kommunen.

Likevel er det ikkje til å koma vekk frå at kampen på førehand var hard, med ein god porsjon offentleg krangling. Men så lenge politikarane let fornufta vinna til slutt, er ikkje det noko negativt. Tvert om er det med på å skapa engasjement også ute blant innbyggjarane.

No vil også innbyggjarane få seia si meining om eigedomsskatt ved valet til hausten. Som me tidlegare har påpeika er den løysinga den beste. Fram til valet må partia gjera seg opp ei meining om eigedomsskatt og fortelja og grunngje overfor veljarane om dei vil innføra eigedomskatt eller ikkje. Oppgåva vert å få fram konsekvensane av dei vala ein tek, og så blir det opp til veljarane å avgjera.
Partia har dermed ein eineståande sjanse til å visa klårt og tydeleg kvar dei vil med kommunen, kva dei vil satsa på og kva dei ikkje prioriterar. Valkampen kan med andre ord verta svært engasjerande.

Også i Etne glir budsjettet for neste år gjennom utan diskusjonar om pengebruken. Situasjonen er litt lysare der enn hjå naboen, og det er funne pengar både til veg og breidband.
Regjeringa sin løfter om meir pengar til kommunane viser igjen. No er det viktig for kommunane å kjempa for enda meir frie midlar frå staten. Framleis er for mykje bunde opp til konkrete oppgåver før dei kjem inn i kassa, men ein er på rett veg.