Fortalde til stappfull kyrkje

Folk kom strøymande til Stødle kyrkje for å høyre forteljaren Johanne Øvstebø Tvedten og songaren […]

Folk kom strøymande til Stødle kyrkje for å høyre forteljaren Johanne Øvstebø Tvedten og songaren Synnøve Breivik framføre soga om kong Magnus. Tvedten let oss treffe den unge Magnus springande berrføtt i graset på Stødle, og ho følgde livslaupet hans heilt til han hoppa i sjøen under eit slag fleire år seinare. Ho fortalde med stort spenn om alt han opplevde mellom dei to hendingane: om kroning, kampar, kristning, bryllaup og død.
Forteljaren fekk fram stemningar og situasjonar med stemmebruk og kroppsspråk: Ho laga påfugllydar når kongsfaren Erling Skakke gjorde narr av den forfengelege sonen sin, og ho nytta ei stille stemme når ho skildra den kjenslevare Magnus sine opplevingar av naturen kring han. Det kom eit plutseleg brøl når forteljaren tok rolla som mora, og uttrykte hennar fortviling og sorg over avrettinga av ein son. Men sjølv om me også blei kjend med Kristin og Erling Skakke, foreldra til kong Magnus, var det først og fremst kongen sjølv sit indre liv og vakling forteljaren var opptatt av. Magnus blei framstilt som ein søkande mann med stor rettferdssans. Han opplevde meiningslause i forhold til det den stridslystne og nådelause faren var opptatt med, og han kjende seg fanga i kongsrolla han måtte ta på seg i ung alder. Han lengta mykje, både etter å kome heim til Studla og etter å kome nærare mora.
Eige driv
Men me fekk også vere med han i lystig lag på fest og dans.
Folketonane frå Synnøve Breivik delte forteljinga opp på ein fin måte, samstundes som songane laga eit eige driv. Songaren vandra omkring og nytta heile kyrkjerommet medan ho framførte religiøse folketonar, stev og mellomalderballadar. Ho song med ei klar stemme som stundom laga ei heilag stemning i kyrkja. Det var også innslag av orgel og trommespel i sogeforteljinga. Kjensla av å vere på historisk grunn dukka stadig opp, mellom anna då Tvedten fortalde om kyrkja på Studla som «reiste seg som ved trolldom av kvit kleberstein». Ved eit par høve greip forteljaren og songaren fatt i feil ord og måtte leite seg tilbake, men det gjorde ingenting. Frå dei stappfulle benkeradene i kyrkja førre onsdag, fekk folk med seg ein solid prestasjon framførd av dyktige utøvarar.

Ingrid Hillestad