Gore har laga film, halde foredrag og skrive bøker, noko han sjølvsagt har tent ein god slump pengar på. Er det dette som skal til for å vinna Nobels fredspris? Det krevst ikkje mykje mot for å kjempa den saka. Rundt om i verda finst det menneske som risikerar liv og helse for å redda andre frå krig og vald, undertrykking og brot på menneskerettar. Tidlegare fredsprisvinnarar som Nelson Mandela og Aung San Suu Kyi har opplevd å bli fengsla og mishandla for sin innsats, medan Gore har køyrt limousinar og flydd privatfly til klimamøter. Det burde ikkje vera vanskeleg for Nobelkomitéen å finna nokon som har ofra utruleg mykje meir for fred, og som fortener ei så stor utmerking meir enn Al Gore. Kva med å gi prisen til nokon som ikkje er rike og har bøttevis med status frå før?
Frithjof Vassbø, fylkesleiar Rogaland KrFU
Thomas Brandsæter, lokallagsleiar Ølen KrFU