Frå plukkhogst til rekorduttak

Gardsbrukar Elin Vestbø har gjort eit maskinelt tømmeruttak i 2003. Då fann ho ut at […]

Gardsbrukar Elin Vestbø har gjort eit maskinelt tømmeruttak i 2003. Då fann ho ut at på den økonomiske planen svarer det seg betre å organisera fleire skogeigarar.
— Dagfinn Knutsen og eg byrja å aktivt bruka ryktebørsen for å spreia informasjon om det. Me tenkte at me kunne spara på utgiftene samstundes som det også var gunstig for Vestskog å gjera meir på ein og same stad, forklarar skogeigar Elin Vestbø.

Rekorduttak
Skogen ved Bjoavatnet er 120 år gamal og har berre opplevd små plukkhogst til nå, men nå vil han få ei skikkeleg uttynning. Regnet som pøser på spelar ikkje noko rolle, arbeidet går som det suser. Lass etter lass med tømmer vert kjørt fram og stabla i tømmerhaugar langs skogsvegen.
— Me reknar med å verta ferdige til jul. Eg skal ta ut omlag 1400 kubikkmeter frå mitt felt ved Bjoavatnet, pluss 100 på Eikås. Heime på Eikehaugen er det rundt 80 mål med beite som eg også vil rydda i same slengen, seier Dagfinn Knutsen.
Totalt vil Dagfinn Knutsen og Elin Vestbø gjera uttak på 3500 kubikkmeter i denne omgangen. Skogeigarane som dei har fått med seg har ikkje så mykje skog, men den totale summen på tømmeret kjem også bort i mot 3500 kubikkmeter. Omfanget av skoguttaket er uvanleg stort for distriktet.
— Det som vert hogd på Bjoa i haust tilsvarer det som var hogd til saman i Ølen og Vindafjord i 2005. I år er det forventa å ta ut ti til tolv tusen kubikkmeter i Vindafjord. Det viser ei generell auke i skogsdrifta, seier Elin Vestbø.

Får medvind
— Den rekordhøge byggjeaktiviteten i Noreg gjev stor etterspurnad på skurtømmer til byggjematerialet, medan marknaden for massevirketømmer til papirindustri har gått ned, fastslår Elin Vestbø.
Ho er også svert nøgd med skogspolitikken til Regjeringa.
— Regjeringa har innført tilskot for skogsplanting og har forbetra skogsfondet. Det at inntekta for skogsdrifta kan verta fordelt på fem år gjer at ein kan ta ut store mengder av skogen utan å få skattesmell for det, seier ho.
Mest avgjerande vart likevel samarbeidet med dei andre skogeigarane.
— Skogsmaskinane er frakta heilt frå Hardanger og det hadde vore alt for dyrt for oss åleine. Me var avhengige av samarbeidet med andre for å få det til å gå opp økonomisk og byggja ein ny veg inntil hogstplassen, seier Elin Vestbø.