Framtida for MA-senteret Toflebrekko

Senteret har vore eit stort pluss for bygda på mange måtar.  Her har det blitt […]

Senteret har vore eit stort pluss for bygda på mange måtar.  Her har det blitt avvikla jubileumsdagar,  minnemøte ved gravferder,  kulturkveldar og kurs av ymse slag.  I om lag 20 år har pasientgrupper ved  Frihamnsenteret  hatt Toflebrekko som bustad under 2 vekers opphald.
Vertskapet Inger og Lars Matre har gjort MA-senteret til ein god stad å koma,  der både hjartevarme og godt matstell  har skapt trivsel og velvære.  Etter Lars døydde for eit par år sidan,  har Inger vore åleine om ansvaret,  og drifta har ikkje vore så omfattande som før.
I denne situasjonen har styret for Haugaland avdeling av MA  vurdert å selja eigedomen.  Dette var eit sentralt tema på årsmøtet 2008,  som vart halde i Grinde 27. februar i år.  Årsmøtet gjorde då fylgjande vedtak:
”Årsmøtet gir styret fullmakt til å arbeida vidare med spørsmålet om sal av Toflebrekko.  Dersom ein finn ein kjøpar som er innstilt på å føra drifta vidare som eit alkoholfritt tiltak, kan styret fullføra salet.  Lukkast ikkje dette, blir saka lagt fram for årsmøtet 2009.”
Der står saka i dag,  og det er stor interesse i MA  for å finna nokon som er innstilte på å kjøpa og føra drifta vidare på det same idealistiske grunnlaget.   MA-senteret  framstår i dag som ein fin og velhalden eigedom.  For bygda ville det vera eit stort tap om det ikkje lenger var mogeleg å samlast på Toflebrekko til samver i glede  og sorg. 

Hans Olav Tungesvik
MA-medlem