Verktøy til ein verdi av 70.000-80.000 kroner er stole frå eit lager i ei løe på Fikse i Ølen. Tjuveriet har skjedd mellom laurdag og måndag.
— Det er tatt ei mengde verktøy, hovudsakleg elektrisk verktøy. Alt frå skrumaskinar, elektriske høvlar til spikarmaskinar, seier politibetjent Jarle Grindheim ved Etne lensmannskontor.
Tjuveriet blei oppdaga måndag morgon då Knut Brekke i snikkarfirmaet Brekke Bygg & Vedlikehold skulle henta eit stillas i løa der han oppbevarer verktøyet sitt.
— Då såg eg at døra var opa og at masse verktøy var borte, seier Brekke.
Nytt og kostbart
Døra til lageret ser ut til å ha blitt broten opp med kubein. I følgje politibetjent Grindheim verkar det som at tjuven(ane) har plukka ut det mest interessante verktøyet. Det gamle verktøyet står att.
— Det var kostbart verktøy og mykje av det var ganske nytt. Ein skrumaskin til golv kostar over 10.000 kroner, og ein laser til 20.000 kroner er borte, seier Brekke.
— Eg synest det er irriterande, seier han.
Verktøyet som er stole er av merket Festa.
Politiet gjennomførte tysdag åstadundersøking, men har ingen konkrete spor å gå etter, i følgje Grindheim.
Verktøy frå container
Også frå Mesta sin container på Rullestad i Åkrafjorden er verktøy til ein verdi av 20.000-30.000 kroner stole. Containeren er broten opp i løpet av den siste veka og verktøy av merket Hilti er borte. Politiet var måndag på åstadundersøking.
Grindheim seier dei i utgangspunktet ikkje ser desse to innbrota i nokon samanheng.
— I utgangspunktet ser me ikkje dette i samanheng. Det er ikkje noko som peikar i den retning, men me kan ikkje utelukka det, seier Grindheim.