Prisen blei delt ut under nyttårsmarkeringa i Sunnhordland prosti på søndag.
Prostirådet oppretta «Frivilligprisen i Sunnhordland prosti» for å stimulere frivillige medarbeidarar. Kriterium for tildeling er trufast teneste eller kreativ nyskaping.
Prisen er eit diplom med grunngjeving for tildelinga og eit bilete. Diplomet er laga av Per Flatøy. Bilete for 2005 er laga av Marit Isaksen Espedalen.
Prostirådet hadde slik grunngjeving for tildelinga:
Prisvinnarane i 2005 er eit ektepar som har ei særs viktig og omfattande frivillig teneste. I nærare 20 år har dei vore engasjerte i lokalt speidararbeid, ho som leiar for småspeidarane, han for dei store. Gruppene er tilslutta KFUK/KFUM sitt speidararbeid.
Prostirådet vil vidare nemne:
– ho er frivillig klokkar og har gjort god innsats i sokne- og prostiråd.
– han hadde hovudansvaret for å førebu og gjennomføre leir i Noreg i fjor sommar for palestinsk ungdom.
Det var Etne sokneråd som kom med framlegg til kandidat.
Biskop Ole D. Hagesæther overrekte prisvinnarane diplom og bilete.
Teksta på Diplomet er slik:
Marta er frivillig klokkar og har vore medlem av sokne- og prostiråd.
Atle hadde hovudansvaret for leir i Norge for palestinsk ungdom, eit viktig kreativt, nyskapande tiltak.
Frivilligprisen til speidar-par
Prisen blei delt ut under nyttårsmarkeringa i Sunnhordland prosti på søndag. Prostirådet oppretta «Frivilligprisen i […]