Frustrert over skjenkenekt

Det er ikkje meir enn vel ein månad sidan 20-åringen tok over drifta av Sandeid […]

Det er ikkje meir enn vel ein månad sidan 20-åringen tok over drifta av Sandeid Kafé. Som ung, heimflytta etter skulegang i Stavanger og næringsdrivande i bygda der Byggstøyl kjem frå, blir ho eit eksempel på det distriktskommunane skrik etter: å få den driftige ungdommen heim att. På søknad om uteservering i samband med avviklinga av Kystkulturdagane i Sandeid sentrum, fekk Byggstøyl avslag. Grunngjeving: Kafeen ligg for nært bustadområde.

Overraska og irritert
Festivalteltet, som låg berre nokre skritt frå Sandeid Kafé, fekk derimot godkjend søknaden om skjenkeløyve. Det same gjorde ein av båtane som låg til kai. Desse blei ikkje rekna å liggje for nært bustadområde. I søknaden som Byggstøyl leverte var det også lagt ved ei tilråding frå lensmannen om at ho fekk ha uteservering til klokka 23.00.
— Avslaget kom overraskande på meg. Eg rekna med at søknaden skulle gå gjennom sidan Kystkulturdagane fekk løyve. Eg blei irritert og synst grunngjevinga er heilt feil. Her var det snakk om eit tilbod til dei som skulle røyke. Musikken og dei fleste folka var jo inne uansett. Eg ville trudd eg forstyrra naboane mindre enn det Kystkulturdagane gjorde, seier Byggstøyl.
Avslaget synst ho ikkje gjev gode signal med tanke på at ho også har søkt om permanent uteservering.
— Me må ha eit tilbod til dei som skal røyke, held Byggstøyl fram, og ho legg til at ho så langt kjenner seg motarbeidd av kommunen.
Knapp tid til å klage
Særleg frustrerande var det at avslaget på søknaden kom berre ein dag før arrangementet skulle starte. Dermed var høvet til å klage minimalt. Byggstøyl tok likevel straks kontakt med rådmann Gerd Ingunn Opdal, som var den som hadde handsama søknaden. Ho fekk beskjed om at ho kunne levere ei klage. Måndagen etter at Kystkulturdagane var over fekk Byggstøyl skriftleg svar der rådmannen stod fast på det opphavlege vedtaket, sidan ho ikkje kunne sjå at det var kome nye moment til saka.
I klaga stiller Byggstøyl ein del spørsmål som peikar på det ho opplever som paradoks i saka. Mellom anna undrar ho seg over kva som gjer at arrangementet på kaien får samtykkje i sin søknad på same sak. Byggstøyl påpeikar også at ho meiner det er på grensa å kalle staden der kafeen hennar ligg for eit bustadområde, sidan den trass alt ligg midt i sentrum. På spørsmåla kring dette har ho ikkje fått svar frå kommunen ennå.