Fryktar barnehagetabbe

Grete Hopland Ravn og Bente Markhus Åsheim meiner det er uheldig at foreldre skal bli […]

Grete Hopland Ravn og Bente Markhus Åsheim meiner det er uheldig at foreldre skal bli usikre på om dei får plass til barna sine i Enge barnehage neste år. Ved å ta vekk ei avdeling ved Enge barnehage slik politikarane så langt har sagt ja til, er det ikkje plass til ein einaste ny unge neste haust, utanom dei som står på venteliste i dag.
— Det har gått opp for oss at ved å ta ein av dei fem avdelingane, blir det trongt om plassen neste år. Ein går vekk frå målet om full barnehagedekning, og det kan ikkje politikarane stå inne for, meiner Bente Markhus Åsheim, påtroppande leiar i FAU.
Panikken spreier seg
Ho har full støtte av avtroppande leiar Grete Hopland Ravn om at stenging er feil veg å gå.
— Når ein i dag ser at det ikkje blir plass til nye ungar neste år, får foreldra panikk for at dei ikkje får plass til ungane. Sjølv om ein ikkje kan seie noko heilt sikkert om søknaden, tyder alt på at det blir for få plassar neste år, seier Ravn.
Enge barnehage har i dag fem avdelingar, og formannskapet har godkjent at det blir lagt ned ei avdeling i budsjettet for 2005. Blir det vedtatt, vil det også bli fjerna ein førskulelærar og to assistentar frå barnehagen.
Vil ikkje til privat
I følgje Ravn og Åsheim er det også misnøye med nedlegginga fordi ein del foreldre i praksis vart tvinga til den nye, private barnehagen på Grønstad i haust, fordi det var knapt med plassar i Enge barnehage. Til overmål var det tidlegare søknadsfrist i den private barnehagen slik at foreldra band seg opp til å ta plassar der før dei fekk svar i den kommunale barnehagen.
— Når så konsekvensen er at ei avdeling i Enge barnehage blir lagt ned fordi kommunen reknar med den private barnehagen, så blir det feil. Vi er ikkje glade for at det blir ekstra køyring opp til Grønstad. Det kan bli mykje køyring for foreldre som i tillegg kanskje reiser ut av Etne på arbeid, seier Ravn.
Fryktar ulempene
— Huset står her og kommunen bør bruke heile for å gi eit skikkeleg tilbod. Det er heller ikkje mange av dei 24 plassane på Grønstad som er ledige i dag. Ein kan ikkje snakke om tilflytting av familiar dersom det er mangel på barnehageplassar ein har å tilby, meiner Bente Markhus Åsheim.
Dei to foreldra trur ikkje det er god nok informasjon om kva som er i ferd med å skje med barnehagetilbodet, og ulempene det skapar for foreldra.