Gang- og sykkelveg i Skånevik?

Sjølv etter flytting av Kathinkahuset frå indre til ytre sving, er ikkje trafikktilhøva blitt nemnande […]

Sjølv etter flytting av Kathinkahuset frå indre til ytre sving, er ikkje trafikktilhøva blitt nemnande betre her. 16 års ventetid meiner bygdefolket er meir enn nok, og krev nå ei rask utbygging.
Men kom ikkje her og påstå at Etne kommune er passiv: I året 2005 senka kommunestyret dette prosjektet ned til sjuande plass på prioriteringslista og, etter ein lokal aksjon, løfta eit tilsvarande anlegg til topps i Etnebygda. Ja, ja. Makta rår, som røysekatten så treffande sa det. Aktiv innsats i form av lokale aksjonar er det som må til.
På reguleringsplanen for Skålnesstranda er fortauet teikna på nordsida, altså sjøsida, av vegen frå Kathinkasvingen i vest til, av alle stader, ein bensinstasjon i aust. Du verda. Av omsyn til dei gåande og dei køyrande må dette fortauet flyttast over til sørsida. Dette kan ikkje by på vesentlege reguleringsmessige problem så lenge ein held seg innanfor den samla vegtrassen. På denne sida vil fortauet knytast saman med det planlagde fortauet langs Toflebrekko frå Kathinkasvingen mot Longanes. Med denne løysinga fell to uheldige kryssingar av køyrebana mellom to fortau bort, ved Kathinkasvingen og ved bensinstasjonen.
Eit vegprosjekt må først og fremst koma dei fastbuande brukarane til gode. På aust- og sørsida av denne ein kilometer lange vegparsellen ligg m.a., rekna frå vest: Idrettsanlegg for små og store, barnehage, mange heilårsbustader, nokre fritidsbustader, kafé og hotell. Vidare austover finn ein: Alleen, skuleveg, butikk, post, bank, fiskehandel, Doktorhagen park, helsesenter, tannlegekontor, barnepark, musikkpaviljong, butikk, bakeri & konditori, Gjestgjevargarden osv. Trafikken til Peparen badeplass er relativt liten og avgrensa til ei kort tid på året.
Etter utsegn frå Etne Tinghus kan kommunen nå utan nøling søkja om midlar til finansieringa og løysa inn nødvendig, ny veggrunn. Alt tar si tid.
Dette innlegget i Grannar er ein lokal aksjon for oppgradering av gang- og sykkelvegprosjektet i Skånevik.

Jon H. Vannes