Fotball, 4. div. menn avd. 02
Etne-Djerv 1919 2-2 (1-1)
0-1: Hans Kr. Eidanger ( 20. min)
1-1: Ove Straumsøy (35. min
1-2: sjølvmål (86. min)
2-2: Henrik Svendsen (89. min)
Gule kort: Johannes Eide, Etne, Sam Langåker, Djerv 1919, Frode Olsen, Djerv 1919
Ca. 70 tilskodarar
Framfor årets sesong rykka Etne opp i 4. divisjon, og fredag var det duka for seriestart mot Djerv 1919.
Bortelaget pressa store delar av kampen, og dei gjekk også fortent opp i leiing etter ca. 20 minutts spel. Då hadde dei allereie hatt ballen i mål ein gong, men målet blei annullert på grunn av offside. I siste halvdel av 1. omgang viste Etne seg som litt meir offensive, og etter godt og vel ein halvtime fekk dei løn for strevet. Etne fekk frispark like utanfor 16-meteren og Ronny Moe sendte ballen over til Ove Straumsøy, som deretter plasserte ballen i mål.
— Defensivt fungerer det omtrent som planlagt, men me burde vera litt meir offensive. Det var eit fint frisparkmål, sa Etne-trenar Martin Moe i pausen.
Dramatikk mot slutten
Eit kvarters spel ut i 2. omgang blir Djerv nok ein gong dømt for offside etter å ha laga mål. Også seinare skjer det same. Då Etne berre eit par minutt før slutt lagar sjølvmål ser det ut som at det er bortelaget som får reisa heim med full poengpott og Etne-spelarane er knuste etter sjølvmålet. Men like etterpå sender Henrik Svendsen ballen i mål for Etne, og sikrar poengdeling.
— Djerv har erklært seg som førehandsfavorittar i divisjonen, men det var vel ikkje akkurat divisjonsforskjell slik sett, sa Martin Moe etter kampen.
Han var godt nøgd med uavgjort sjølv om sjølvmålet var surt.
— Bra sesongopning. Eg er nøgd med spelarane og resultatet. Me hadde fleire sjansar i 2. omgang enn i 1. omgang, men i det store og heile pressa Djerv totalt sett. Det er dei som held mesteparten av spelet, seier Martin Moe.
Overlegen siger
Framfor årets sesong har fleire Etne-spelarar meldt overgang til FKH.
— Hemmar det dykk at de har mista gode spelarar?
— Både ja og nei. Me har god tilvekst og god rekruttering, me må berre få litt tid, men det er klart at dei me har mista ville vore med og styrka laget, seier Moe.
GrannKam opna serien med bortekamp mot Kolnes fredag. Heimelaget viste ikkje den heilt store motstanden, og GrannKam vann 4-0.
— Eg er voldsamt godt nøgd med resultatet og brukbart nøgd med prestasjonane. Me hadde ein del fine mål. Eit godt stykke lagarbeid, oppsummerar GrannKam-trenar Frank Abelseth.
Vats94 startar sesongen onsdag borte mot Sveio, og Skjoldar spelar første seriekamp på bortebane mot Ferkingstad.