God start for Bluesbygda

— Prosjektet er ei stor utfordring. Det skal gjere Skånevik til ei levande bygd, som […]

— Prosjektet er ei stor utfordring. Det skal gjere Skånevik til ei levande bygd, som folk vil flytte til. Når vi har fått tilskot frå både Kommunal- og Regiondepartementet, fylket og kommunen, må det bety at andre også har tru på dette, sa mellom anna initiativtakar Inger Karin Larsen under opninga av pilotprosjektet Bluesbygda Skånevik laurdag kveld. Men for å greie dette ber ho om innspel. Difor vart dei frammøtte bedt om å vere med på ein idedugnad, der dei skulle skrive opp ting dei brenn for. Dette vil bli brukt i det vidare arbeidet med å realisere prosjektet.
Organiseringa av prosjektet skal realiserast gjennom ei styringsgruppe, der både fylket og kommunen er med. Det lokale arbeidet vil skje gjennom ei ressursgruppe som blir danna av prosjektleiarar.
Engasjert
Det var ei engasjert Inger Karin Larsen som orienterte om planane for prosjektet.
— Og eg håper de trør til når ting skal skje, sa ho og minna om at bluesprofilen vil liggje i botn. Ho nemnde aktivitetar som skal få utflytta skåneviksbuar til å flytte heim, og nye til å flytte til Skånevik.
Naturopplevingar står sentralt i planane hennar, og ho nemnde blant anna parken på Åsheim, fjordopplevingar, sjøsportsting, kunst, kultur, rehabiliteringssenter og matopplevingar.
— Det er berre fantasien som set grenser, og det er rom for nye ting i tillegg til alt vi har i dag. Det er spennande råstoff i fjorden og på gardane, sa ho mellom anna.
Ho nemnde også at det kjem mange amerikanarar for å finne slektsrøtene sine.
— Kva med eit «Amerikasenter» for heile landet her? Og eit bluesbibliotek, der ein kan finne lydbøker, CDar, ja alt som handlar om blues, spurte ho.
Skånevik må bli ei levande bygd for barn og unge. Ei bygd som er god å bu i for barnefamiliar.
Ho minna om kva eit godt utbygd breiband, har å seie for kor folk kan jobbe.
— Kom fram med tankane de har, og dei skal bli høyrde, sa ho.
Stad for kunstnarar
Som seg hør og bør når startskotet for bluesbygda skulle gå, var det Skånevik si eiga bluesgruppe «Bluesgangsters», som opna. Gruppa består av Bård Henrik Hereide, Hans Torvald Storaas og Stig Are Sund.
Så var turen komen til ordførar Amund Enge som erklærte prosjektet for opna. Han understreka kor heldig det er at også andre enn kommunen er med på finansieringa.
— Alt dette er Inger Karin sin forteneste, og ho fortener applaus. Men eg veit at vil skåneviksbuen noko, så får dei det til, slik blir det nok denne gongen også, sa han, før han las diktet «Vestlandet i meg» av Ingvar Moe.
Margaret Bull-Tornøe las to festlege forteljingar, og ei gruppe frå Skien mannssongforening, på hytteferie i nærleiken, song irske folkeviser.
Dei lokale aktørane går fint inn i Inger Karin Larsen sine tankar, der lokale kunstnarar saman med gjester skal danne eit miljø.
— Her på Skånevik fjordhotel vil vi setje av eit rom der ein kunstnarpersonlegdom kan få kome og bu gratis. Vi vil utvikle Skånevik til ein stad for kunstnarar, sa ho blant anna.