Godt grep om fotballen

— Eg ser ingen grunn til at han ikkje kan bli ein topp-keeper viss han […]

— Eg ser ingen grunn til at han ikkje kan bli ein topp-keeper viss han held fram med å vera like viljug til å trena som han er nå. Han har ein veldig treningsvilje, seier Leif Sævareid. Han er lærar ved Fotballgymnaset Holgersens i Haugesund i tillegg til at han saman med Svein Hamre har ansvaret for å trena rekrutteringslaget til FKH.
Det er måndag morgon. Klokka er ti og vekas første treningsøkt står for tur for grunnkurselevane ved fotballgymnaset. Den unge etnebuen har eit godt grep om ballen der han slenger seg frå side til side.
— Du er i slag i dag, Lars, ropar ein klassekamerat.
Lovorda haglar om det unge keepertalentet, og det knyter seg stor spenning til kor langt han vil nå.

Topp tre
Sævareid meiner Lars ikkje er ulik keepertalent skulen tidlegare har vore borti, og nemner u-landslagsspelar Jan Kjell Larsen og andrekeeperen til FKH, Steinar Eikje.
— Lars har eit veldig stort potensiale, ein lovande keeper, seier Sævareid, som opphavleg kjem frå Skånevik.
Dugleiken til 16-åringen handlar ikkje berre om treningsvilje.
— Dette dreier seg også om talent. Han er relativt storvaksen, sterk og reaksjonsrask, seier Sævareid om Lars.
Amerikanske Carl Gregor er keepertrenar på FKH sitt A-lag og jobbar også ved Holgersen. Han har trena Lars sidan august då 16-åringen byrja ved fotballgymnaset.
— I hans aldersklasse er han ein av dei tre beste i området, slår Gregor fast, og utdjupar:
— Han er ein veldig god skotstoppar som er god med beina. Han jobbar hardt og er veldig treningsviljug, seier Gregor.

Dagens høgdepunkt
Fem føremiddagsøkter på skulen og fire-fem ettermiddagstreningar med junior-/rekrutteringslaget til FKH fordelt på fem dagar, er treningsprogrammet for den unge kroppen.
— Dagens høgdepunkt er å trena, så nå får eg fleire høgdepunkt når me trenar to gonger om dagen, seier Lars.
— Du er ikkje redd for å bli lei då?
— Nå kan eg aldri tenka meg at eg kan bli lei. Førebels vil eg berre spela, for det er gøy, seier keepertalentet frå Stordalen.
Jamvel om Lars trenar med FKH, er Etne klubben hans, men frå neste sesong blir det truleg klubbskifte.
— Me ynskjer at Lars skal byrja hos oss, men det er ein dialog me må ha med Etne, seier Sævareid.
— Eg har lyst til å bli så god som mogleg. Kor god eg blir, veit eg ikkje. Eg synest fotball er kjekt og så lenge eg synest det, vil eg halda fram, seier Lars. Han har stor tru på keepermiljøet i FKH, som har fått fram mange gode målmenn.
— Haugesund har ein god keeperkultur. Med mange gode keeperar, betyr det tøff konkurranse, men eg kan læra noko av det, seier 16-åringen, som også skryt av trenarane han har hatt i Etne.

Slektar på faren
Per Martin Kjellesvik, oppmann for G16-laget til Etne, har trena Lars sidan han var seks år. Han har stor tru på 16-åringen.
— Viss han vil, kjem han til å nå veldig langt. Han er seriøs, målretta og har fokus på å utvikla eigne dugleikar. Han har også fått god hjelp av faren som har vore keepertrenaren hans, seier Kjellesvik.
Pappa Gunnar Øvernes markerte seg i ungdommen som ein dugande keeper.
— Pappa har skote masse på meg og det har sikkert gitt eit godt grunnlag, seier Lars.
— Eg får kjeft av pappa viss eg slepp inn mål eg ikkje skal, smiler Lars.
I to år har Lars spela på kretslaget i Rogaland. 11. november skal han på si siste samling med kretslaget. Nå er ungdomslandslaget neste mål.
— Eg må ha som ambisjon å komma meg inn der. Eg håper eg tar endå eit steg opp når eg er her, seier Lars.
Grillar i hovudet
I år har Lars spela både på A-laget, juniorlaget og G16-laget til Etne. På G16-laget har han vore midtstoppar.
— Det er kjekt å gjera andre ting enn å stå i mål, men eg er flinkare som keeper. Det er der det største talentet mitt er, seier 16-åringen.
Trenar Sævareid veit at jamvel om ein spår ei lysande karriere for dei unge fotballtalenta, blir det ikkje alltid som ein forventar.
— Me trur det om mange, men me veit at få lukkast. Det er vanskeleg å komma seg vidare og ein skal gjerne vera litt heldig, å komma til i dei rette tidene. Lars har føresetnadene, men det er ikkje dermed sagt at han lukkast. Nå kan han iallfall få trena så mykje han vil, seier Sævareid.
Klokka er tolv og Lars kan få gå i dusjen etter at Grannar har opptatt han. Det er berre fire timar til neste treningsøkt står for tur.