Godt skjulte helleristningar

Etne er ei av dei rikaste helleristningsbygdene i Hordaland, og heile 18 felt er registrerte […]

Etne er ei av dei rikaste helleristningsbygdene i Hordaland, og heile 18 felt er registrerte i kommunen. Tre av desse er merka for at turistar skal kunne ta seg fram: Duesteinen og Bruteigsteinen i Stordalen, og Helgaberg på Stødle. No reagerer turistar på dårleg skilting og forfall i vedlikehaldet av fornminna. Hanne Opskar frå Haugesund har stor interesse for kulturminne, og førre veke ville ho skode helleristningar i Etne. Ho reagerte med vantru då ho omsider fann fram til Helgaberg på Stødle – der var både felt og stig grodd nesten att.
— Eg fekk sjokk. Dette er trist. Det er jo skattar som ligg der, og me har ansvar for å ta vare på dei. Det er ei skam å leie turistar dit sånn som det ser ut no, seier ho opprørt over telefon.
Gror att
Ein tur til felta i Stordalen viser at forholda ikkje er særleg betre der. Det blir mykje att og fram for å finne fram til Duesteinen på Vinja. Det er ikkje skilta nokon plass og stien er så godt som attgrodd, men med informasjon frå folk som bur i området går det greitt. På eine sida av Duesteinen er det sett opp ei trapp som ser noko forfallen ut. Eit kvelva skilt med den knappe informasjonen «Ver vennleg og ikkje tråkk på figurane», kviler seg inntil den 15 meter lange og 7 meter breie steinen. Dei kring 4000 år gamle ristningane i flata er ikkje lette å få auge på. Målinga er vekke og mosen har grodd på berget. Likevel, me ser då konturane av nokre av steinaldermenneska sine symbol: ringfigurar, spiralar og groper.
Oppdaga helleristningane
Vidare innover i Stordalen jaktar me på det som er karakterisert som eitt av dei mest interessante helleristningsfelta på Vestlandet: Bruteigsteinen. Feltet ligg på eigedomen til garden Flåte, og på tunet der er grunneigar Hjørdis Flåte i sving med stuttorva. Ho tar ein pause i arbeidet for å vise oss den digre flyttblokka som ruvar lengre oppe i lia. Flåte fortel at ho var med då helleristningane på den blei oppdaga for nokre ti-år sidan.
— Me var ein gjeng ungar, mellom anna systera mi Haldis og eg, som dreiv og velta på mose medan me leika på steinen. Me ville sjå korleis den såg ut utan mose då me oppdaga runde hol i den. Me skjøna at det var noko spesielt, fortel ho.
Sidan den tid har det vore liv på tunet med stadige arkeologvitjingar. Turistane kjem også for å skode dei 68 figurane som ein gong i bronsealderen blei rissa inn i Bruteigsteinen. Då var staden mest truleg ein kultstad for grøderikdom.
— Det er kjekt at folk viser sånn interesse. Det er viktig. Ein del liker ikkje å ha slike kulturminne på eigedomen sin, men eg er stolt over dei, framhevar Flåte.
Smelta smør på steinen
Som på den førre steinen får me også her auge på ringfigurar og groper. I tillegg er denne steinflata pryda med bilete av menneske, dyr, båtar, fotsolar, tre og økser.
— Eg har høyrt at dei smelta smør i gropene når sola kom att i lia og skein på steinen. Me er nemleg utan sol her ein periode om vinteren, seier Flåte.
Det er det store mangfaldet i figurar som gjer dette feltet så eineståande. Eit stort og informativt skilt fortel om figurane og historia knytt til dei, det er sett opp på baksida av steinen. Men også på dette feltet er mange av figurane vanskelege å få auge på sidan målinga er vekke og dårleg vedlikehald har latt det gro på steinen. Det står likevel ikkje like dårleg til på Bruteigsteinen som på dei to andre felta. Der er det utvilsamt pinleg å sleppe turistar til.