GrannKam risikerar nedrykk

4. divisjon, menn avd. 2 Hundvåg – GrannKam 2–0 (2–0) 1–0 (15. min) 2–0 (20. […]

4. divisjon, menn avd. 2
Hundvåg – GrannKam 2–0 (2–0)
1–0 (15. min)
2–0 (20. min)
Raudt kort: Jan Erik Østbø (GrannKam)

— Kva som skjer no blir vel avgjort av nedrykk i divisjonane over oss, seier trenar Frank Abelseth.
Men med uavgjort i kampen i går ville det vore Hundvåg som enda på den utsette nest siste plassen på tabellen. No er det altså GrannKam som må leva i uvissa litt til.

Personlege feil
— Me reiser til kampen med berre elleve mann. Då er utgangspunktet altfor dårleg, seier trenar Frank Abelseth.
Åtte spelarar var ute på grunn av sjukdom, skade eller jobb. Tre måtte melde avbod på grunn av sjukdom laurdag kveld. Lettare vart det heller ikkje når Jan Erik Østbø fekk raudt kort alt etter eit kvarter.
— Innstillinga til spelarane var fin, og me hadde sjansar nok til å klara eitt poeng. Men personlege feil avgjer, og Hundvåg vann fortent, seier Abelseth.

Etterlyser ansvar
Han er no er mest oppteken av at GrannKam neste år får på plass ein «grunnmur» i klubben. Utan eit godt nok apparat rundt laga, vil ikkje klubben ha ein sjanse til å få sportsleg utvikling.
— Det må bli fleire som tek ansvar og blir med i styret og apparatet elles. I tillegg må me få på plass spelarar som er med på det jamne. Då går det an å skapa eit lag. Det må bli meir orden enn i år, fastslår Abelseth.
Det er same kva ein føresetnad for at han skal vera med vidare.
— Etter eit nedrykk må vel trenaren som regel gå, så me får sjå. Eg sa ja til eitt år, men det er ein fin gjeng å jobba med. Men det blir umogleg å ha det som i år, avsluttar Frank Abelseth.