Gratulera med dagen, Ingvar Moe

Ingvar Moe ville fylt 70 år i dag, noko han sjølv omtala som «fandens gjebusdag». […]

Ingvar Moe ville fylt 70 år i dag, noko han sjølv omtala som «fandens gjebusdag». Laurdag fann små og store vegen til Kulturhuset i Etne. Der var det bursdagsfeiring med fotoutstiling og kulturkafè for denne elska diktaren frå Etne, som døydde i september 1993.

Røykte Spekeskinker
Kabareten «Eg kan» opna dagen på ein flott måte. Denne Ingvar Moe- kabareten var det 6. – 8. klasse ved Enge skule som stod for, ein blid gjeng som har øvd heile veka for å visa produktet sitt.
Per Olav Kaldestad med «Ingvar Moe – slik me såg han, og slik me ser han», og Ola E. Bø med «Løktastolpefrø og språkblomar» fortalte om korleis dei kjente Ingvar Moe, og kva rolle han har for oss her i distriktet.
-— Eg hadde han som lærar i Sauda, der han måtte vekk for å røyke. Han sat då på loftet på skulen, under spekeskinkene til mor mi, og når me skulle ete dei, spøka me alltid med at dei var personleg røykt av Ingvar Moe, fortalte Ola E. Bø, som er dramaturg ved Det Norske Teateret.

Velkommen heim
Så vart det avduking av ei byste av Ingvar Moe, mellom Sjoar-garden og Spar. Denne bysta er laga av Vidar B. Mæland, som takkar for tillita.
— Det er utrulig stort for meg å få lov å laga denne bysta av Ingvar, og vonar eg har fått han fram på ein god måte, fortel Mæland.
Sjølve avdukinga sto yngste sonen til Ingvar, Bjørn Erik Moe for.
— Far min elska Etne, og når Amund Enge fortalte kva planar dei hadde, og om eg ville væra med, sa eg ja med ein gong. Då eg var å vitja Mæland mens han heldt på med bysta, fekk eg sjå korleis har arbeider, noko som og var svært interessant, sa ein spent Moe.
— Du sakna alltid Etne, no ønskjer eg deg velkomen heim, sa Bjørn Erik Moe idet han avduka bysta av far sin. Han fortel vidare at om faren hadde levd no, hadde han blitt så stolt over bysta at han ikkje hadde halde ut heile dagen.
— Det er dessutan så herleg å kome her til Vestlandet å sjå at folk møter opp sjølv om vêrgudane ikkje er på vår side. Eg takkar alle som møtte opp, avsluttar Moe.
Etter å ha tatt ein guida tur rundt sjøen, med Harald Fjøsne, var det Einar Økland, Ingvar Moe sin forlagskonsulent som fortalde korleis Moe var å jobbe med. Dei som fekk æra av å avslutta 70-årsfeiringa var U.L. Fram med kabareten «Rundt sjøen», med tekstar av Ingvar Moe.