Grublar og effektiviserer

37-åringen er dagleg leiar i Kambe Regnskap og Rådgivning AS. Utanom han sjølv, har firmaet […]

37-åringen er dagleg leiar i Kambe Regnskap og Rådgivning AS. Utanom han sjølv, har firmaet rekneskapsførar May Tove Heggebø på løningslista. Ho har heimekontor rett borte i gata. Nær nok til at ein nedgraven kabel under asfalten bind dei to kontora saman.
— Me driv nøkternt, men me kan seia at dette er hovudkontoret og at avdelingskontoret ligg hjå henne, smiler Kambe.

Betalt for å grubla
Kambe har drive med økonomisk rådgjeving i 16 år. Han har bevilling frå Kredittilsynet, men tradisjonell rekneskapsføring fyller berre mindre av arbeidsdagen hans. Sitt eige firma starta han opp for fem år saman. Allereie frå starten av, engasjerte han Heggebø.
— Me driv i ei nisje. Basisen er rekneskapsføring. Så kjem rådgjeving, effektivisering, skatteplanlegging og alt det andre i tillegg, forklarer Kambe, som blei brukt som skatterådgjevar i eit stort oppslag i Trygve Hegnars Finansavisen i førre veke.
24 ulike styreverv tek mykje tid. Etter eit raskt overslag trur Kambe at dette legg beslag på ein tredel av arbeidsdagen hans. Ein annan tredel går med til grubling, og den siste tredelen til resten.
— Det blir vel litt for mykje jobbing, innrømmer familiemannen, som har kone og tre døtrer som han også må finna tid til.
— Det går mange timar i året berre med grubling. Mange kundar betalar meg berre for å grubla, legg han til.

Bedriftsrådgjeving
At grublinga kastar av seg, er det ingen tvil om. Det kan dreia seg om effektivisering i bedriftene, om skatteplanlegging og optimal tilpassing til nye skattereglar, og om tilskot. Når det gjeld dette siste, arbeider Kambe mykje mot Innovasjon Norge.
— I fjor fekk me inn 20 millionar kroner til kundane på grubling, seier han, og forklarer at han heile tida prøver å vera i framkant med grublinga. Ikkje minst gjeld dette skattereforma. Her er det viktig for bedriftene å bruka overgangsreglane på best mogleg vis. Det er dette som gjer at Kambe har figurert i Finansavisen og i Haugesunds Avis den siste veka.
Tomannsfirmaet på Kyrkjehompen samarbeider godt med meir tradisjonelle rekneskapsfirma i distriktet. Dei ser ikkje på dei som konkurrentar. Tor Magnar Kambe poengterer at rådgjevingsdelen er vel så viktig som rekneskapsdelen.

Ingen annonser
Den kunnskapsrike rekneskapsmannen, som opphaveleg kjem frå Sandeid, har hittil ikkje trengt å bruka pengar på marknadsføring. Men han er audmjuk, for han er veldig klar over at dei neste fem åra slett ikkje treng bli like lette som dei fem første.
— Me har vore heldige, og fått kundar frå øvste hylla. Me har ikkje annonsert. Me har køyrt rundt i desse fem åra med handbrekket på, seier Kambe.
Mangelen på arbeidskollegaer og eit stimulerande arbeidsmiljø kunne ha vore hemmande, når ein sit på kvart sitt heimekontor. May Tove Heggebø har tilpassa seg situasjonen på sin eigen måte.
— Me reiser ofte ut til kundane. Me spør om me kan koma til dei, i staden for at dei kjem til oss. Og så tek me med oss nistepakken og har lunsjpause saman med dei, avslører rekneskapsføraren.

Arrangerer kurs
Kundane er spreidde på heile Haugalandet, frå Haugesund og inn til Skånevik. Eit blikk på ringpermane i kontorhylla tyder på at heimbygda til Kambe, Sandeid, iallfall ikkje er underrepresentert i kundeporteføljen.
Nokre av kundane er små einmannsføretak, medan andre er mellom dei største bedriftene ein finn i distriktet. Til saman har dei rundt 700 millionar kroner i eigenkapital.
Tor Magnar Kambe samarbeider nært med revisjons- og advokatkonsernet Deloitte & Touche. Han har hatt arbeidsoppdrag for Finansdepartementet, og han arrangerer eigne kurs i aktuelle rekneskapsmessige problemstillingar. Nett nå planlegg han eit nytt seminar om tenestepensjon på Vågen Bygdesenter, i samarbeid med Skagenfondene i Stavanger. Det gjeld å vera frampå med dagsaktuelle tema.