Grunn til uro

Temperaturen er ikkje korrekt for årstida, og på bakkane er det grønt i staden for […]

Temperaturen er ikkje korrekt for årstida, og på bakkane er det grønt i staden for gult eller kvitt. I Etne blømer rosene for fullt, i Stavanger haustar dei nye bringebær og på Radøy er ein lys levande hoggorm observert siste dag i november. Ekspertane er ikkje einige i om desse mildt sagt uvanlege hendingane er eit dårleg signal eller ikkje.

Ekspertane er heller ikkje einige i om dette er naturleg eller unaturleg, det kjem an på kva perspektiv ein ser det i. At temperaturen og vêret ikkje er det same år for år, er ikkje noko nytt. Det har heilt sikkert vore svingingar som dette tidlegare også.
Likevel er det grunn til uro når ein ser temperaturen stig. Ikkje minst når sjøtemperaturen går opp. Dersom det viser seg å vera permanent, vil det truleg få følgjer for golfstraumen, noko som vil bli merkbart for oss. Auka temperatur i havet er også med på å påverka livet der. Fisken slit til dømes med å reprodusera seg sjølv, noko som kan få store konsekvensar. Det er altså grunn til å uroa seg over situasjonen.

Heller ikkje årsaka til at situasjonen er slik den er, er fagfolka einige om. Er det utsleppa av CO2 og andre klimagassar som gjer seg gjeldande? Enkelte hevdar det med stor tyngde, medan andre forskarar meiner CO2-nivået er normalt og at det skal svært mykje til for å endra det slik at det får følgjer for klimaet.
Kven som har det rette svaret på spørsmålet får me truleg ikkje vita før det er for seint. Det einaste me kan vera sikre på er at det ikkje skadar å ta signala som eit teikn på at noko er gale.
Klimaet er ei global utfordring. Fleire må ta ansvar dersom me skal sjå ein markant effekt. Det viktigaste er likevel at ein startar med seg sjølv. Sjølv om det kan sjå lite ut i den store samanhengen, er det viktig å visa haldningar. Det påverkar andre.