Hadde full kontroll

Fotball, 5. div, menn, avd. 04 Vats 94 – Etne/Skånevik 4-1 (1-0) 1-0: Kenneth Frøland […]

Fotball, 5. div, menn, avd. 04
Vats 94 – Etne/Skånevik 4-1 (1-0)
1-0: Kenneth Frøland (5. min)
2-0: Kenneth Frøland (62. min)
3-0: Kenneth Frøland (75. min)
4-0: Tore Berakvam (87. min)
4-1: Ronny Moe (90. min)
Tilskodarar: Om lag 50
Dommar: John E. Flengstad, Falkeid IL. Gule kort: Jarle Sjurseike, Vats 94, Tore Berakvam, Vats 94, Ronny Moe, Etne/Skånevik

Heimelaget gjekk hardt ut og skapa fleire sjansar frå starten av. Joakim Frøland fekk ein stor sjanse rett etter avspark, men skaut utanfor. Vats 94 pressa på og fekk sitt første mål etter berre fem minuttars spel. Det var Kenneth Frøland som scora på eit hjørnespark som han skrudde rett i mål. Etter målet vart det ein jamnspelt og sjansefattig omgang.
Etne/Skånevik kaptein Runar Rosseland hadde godt grep på midtbanen, men bortelaget klarte ikkje å skapa noko stort. Det var heller ein aggressiv kamp prega av mange taklingar. I starten av andre omgang pressa Etne/Skånevik på, men blei sjelden farlege framfor Stig Egil Litlehamar i Vats-buret.
Då det var gått nesten tjue minutt av andre omgang kunne Kenneth Frøland kvittere med sin andre scoring for dagen. Frøland kom seg forbi keeper og kunne sette ballen enkelt i mål. Vats 94 fortsatte presset og kom til fleire sjansar som fort kunne ført til mål. Og fleire mål skulle det bli. Ein halvtime ut i andre omgang kom Kenneth Frøland nok ein gong rundt keeperen, og sette inn sin tredje scoring for kvelden. Etter denne scoringa hadde heimelaget kontroll på kampen og skapa sjansar som også endte i stolpeskudd. Rett før slutt kom den siste scoringa for Vats 94, ein halvsprett som Tore Berakvam fyrte i mål frå tjue meter.
Etne/Skånevik fekk eit trøystemål på overtid då Ronny Moe skaut eit frispark kontant i mål.