Har hjartet på bygda

Elin Vestbø og Marit Eikehaugen delte personlege erfaringar om det gode liv på landet under […]

Elin Vestbø og Marit Eikehaugen delte personlege erfaringar om det gode liv på landet under bygdeutviklingskonferansen på Bjoa på laurdag. Trivnad og suksess for bygdene er avhengig av at folk opplever det slik. Vestbø og Eikehaugen leverte ei beretning om at landbygda er det rette for dei, og der Bjoa er ei spesiell bygd på kartet.
Halve livet
Elin Vestbø kom til Bjoa saman med familien for eitt år sidan for å finne det gode liv. Marit Eikehaugen flytta frå bygda for over ti år sidan, men Bjoa er for alltid ein spesiell plass for den tidlegare reiselivsentusiasten som ville ha Ølen kommune på kartet. Sjølv om ho i dag bur i Tysvær, er ho framleis er sterkt engasjert i bygda, blant anna i Bjoanett der ho er redaktør, pluss at ho har familie i bygda. Og skulle ho få kalde føter, har 52-åringen ein tomt i bakhand.
— Eg har budd i Bergen nesten halve livet, men det er tida på Bjoa minna er fylt av. Tilflyttarar blir fort oppfatta som bjoabuar, og det som kjenneteiknar småplassar er mindre byråkrati der det er lettare å nå fram og kjenne seg heime og føle samkjensle, fortalde Eikehaugen, krydra med historier om kor godt ho vart mottatt heilt sidan ho i barndommen kom til Bjoa på sommarferie saman med mora og søstrer.
Søkje fellesskap
Etter halve livet på landet var den tidlegare byjenta ikkje i tvil om at landsbygda er det rette valet, og at bygdene har kvalitetar som kan få folk til å søkje lukka der. Medan Marit Eikehaugen fortalde om kva ho har opplevd, gav Elin Vestbø innblikk i kva ho og familien var ute etter då dei valde Bjoa for vel eitt år sidan. Det var mange kryssingspunkt mellom dei to historiene.
Vestbø flytta frå Sandeid til London alt som 17-åring og jobben som flyvertinne førte ho til Spania, Oslo og Stavanger, før dei kjøpte eit småbrukt i slekta på Bjoa.
— Alt handlar om sjølvfokusering i dag, og fellesskap er berre viktig dersom det fremjar ein sjølv. I eit bygdesamfunn er det lettare å engasjere seg i eit fellesskap, og dette fellesskapet gir ein identitet som er viktig. I tillegg kjem vi nærmare besteforeldre og anna slekt vi har i distriktet, fortalde Vestbø.
Eit kjent landskap og flott natur, er også heilt gratis.
— God plass er også viktig for oss. Det har vi fått, og solnedgangen på Bjoa finst det ikkje maken til.
Bygda gir spelerom
Ho framheva også at bygder fleire arenaer enn berre det å vere i lag om ein familie. Både gardsdrift på si og deltaking i bygda, gir større spelerom.
— Bjoa er ei bygd å bli glad i, avslutta Elin Vestbø.
Før Eikehaugen og Vestbø delte sine erfaringar, var det fleire foredrag på bygdeutviklingskonferansen. Samfunnsplanleggar Eli Grete Høyvik snakka om skattejakt i bygde-Noreg, landbruksdirektør Jon Ola Syrstad såg på bygdeutvikling som satsing i landbruket, og sivilarkitekt og bjoabu Kåre Frøland drog samanhengar i bygdesamfunnet der to pluss to ofte er meir enn fire. Samfunnsmedisinar Gunnar Tellnes kasta blikket på kultur- og naturaktivitetar som lokal ressurs for trivnad, helse og miljø, medan leiar for Merkur-programmet, Lars Helgeland, og Kåre Nymark på Buo landhandel gav døme handelsmannen som meir enn kremmar i ei bygd.
I går vart bygdeutviklingskonferansen avslutta med ei rundreise på Bjoa med siste stopp på Kjerringgarden. Konferansen var i regi av Bjoa bygdeutviklingslag, i samarbeid med Ølen kommune og fylkesmannen i Rogaland.