— I området vårt har det utvikla seg eit uheldig amfetaminmiljø. Særleg gjeld dette i Ølen, men også i Vikedal, Sandeid, Skånevik og Etne. Det er nytt og bekymringsfullt at brukarane går rett frå alkohol til amfetamin. Før hadde ein dei som festa og drakk alkohol, og dei som brukte stoff var for seg sjølve og gøymde seg bort, seier lensmann Ingvar Gjærde.
Veksande blandingsmiljø
— Nå har heile festmiljøet flote saman. Vi ser både alkohol, hasj, amfetamin, ecstesy, GHB og kroppsbyggingsstoff i eitt miljø, og dette har gått veldig fort. Foreldra må vere observante. Eg roper eit stort varsku til dei. Mange veit ikkje kor ungdommane deira er. Diverre har mange ungdommar kome langt. Det er synd på dei, seier Gjærde.
Steinhardt miljø
Han fortel vidare at stadig fleire ungdommar er innom dette miljøet. 50 namn har politiet i Ølen i nærdistriktet sitt, og det er Ølen sentrum som er verst. Her samlast ungdom frå mange stader.
— Det hadde vore betre at foreldra fann på ting der dei bur, slik at dei hadde sloppe å reise til Ølen der dette miljøet har slik grobotn, seier han.
— Kva alder er det snakk om?
— Det er ei blanding av unge og eldre, men dei fleste er frå 15 til 30 år.
På spørsmål om kva konkret foreldra skal gjere, svarer Gjærde at dei må vere klar over at desse stoffa finst i nærmiljøet der ungane deira ferdast.
Våpen og øgle
— Ver med dei. Skulane må også følgje med. I samband med MOT, driv vi opplysingsverksemd og kampen mot narkotika pågår heile tida, men ein del ungdommar har kome langt i det steinharde miljøet som har utvikla seg her på skremmande kort tid, seier Gjærde.
Han fortel at seinast torsdag i sist veke var det ein aksjon i Ølen der fire personar vart pågripne. Alle desse var over 18 år og alle erkjende bruk.
— Kor får dei stoffet frå?
— Dei får det frå Sauda, Odda og Haugesund.
I kjølvatnet av aksjonane er det også beslaglagt våpen og ei øgle.
— For mange blir bruken av stoff også eit pengespørsmål, difor blir det neste vinningsbrotsverk for mange av dei. Ei trist utvikling, seier lensmann Ingvar Gjærde.
Hardna stoffmiljø i Ølen
— I området vårt har det utvikla seg eit uheldig amfetaminmiljø. Særleg gjeld dette i […]