Haukelitunnelane til Stortinget

— Representantar for Framstegspartiet og Arbeidarpartiet vil i lag med meg leggja fram eit Dokument 8-forslag […]

— Representantar for Framstegspartiet og Arbeidarpartiet vil i lag med meg leggja fram eit Dokument 8-forslag om at køyrety som er inntil 4,20 meter høge må få sleppa over Haukeli, fortel Magnhild Meltveit Kleppa, Senterpartiet sin leiar i kommunalkomiteen på Løvebakken.
— Det er sjølvsagt også for oss viktig at me sikrar ein større grad av trafikktryggleik over fjellet. Men me er samstundes svært lite interesserte i å sleppe denne tungtrafikken laus på andre vegar som slett ikkje er dimensjonerte for slikt. Det er også avgjerande at me får ha dette viktige aust-vest-sambandet ope og tilgjengeleg. Ikkje minst for transportnæringa sjølv, og for næringslivet som er heilt avhengig av å få sendt varene og produkta sine kortaste, raskaste og rimelegaste vegen over fjellet, hevdar Meltveit Kleppa.

Heile døgeret
Sist veke opna også Statens vegvesen for at bilar med høgder opp til 4,10 meter skulle få passerre over Haukeli. Men berre om natta.
— Me tek no eit initiativ mot Samferdsledepartementet der me klart signaliserer at det ikkje er godt nok, og at me forventar at dei fører ein meir konstruktiv dialog med lastebilnæringa.
Den røynde rikspolitikaren frå Hjelmeland har merka seg det enorme engasjementet som har vore i denne saka. Ikkje minst frå Telemark. Men også frå Nord-Rogaland og store deler av Hordaland.
— Det er lett å skjøna. Dette er det viktigaste hovudvegsambandet mot Austlandet for desse folka. Avgrensingar i bruken av vegsambandet over Haukeli vil difor få til dels store og negative konsekvensar.

200 kilometer
I forslaget frå den litt uvanlege samlinga av folkevalte, er det som alt nemnd lagt stor vekt på kva som vil skje med den totale vegtryggleiken dersom mykje av tungtransporten som til denne tid har gått over Haukeli, no må ut på andre og endå mindre tilpassa vegstrekningar.
— For mange sjåførar vert det snakk om inntil 200 kilometer ekstra køyring. Slike omvegar kan fort utløyse krav om to sjåførar i bilen, og ein monaleg kostnadsauke for næringslivet vestpå. Auka køyrelengde gjev også meir miljøforurening, og auka forbruk av drivstoff, hevdar oktetten Kenneth Svendsen, Øyvind Vaksdal, Arne Sortevik, Lodve Solholm, Sigvald Oppebøen Hansen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Magnhild Meltveit Kleppa. Dei fire første frå Frp. Dei to neste frå Ap, og sistnemnde som sagt frå Sp.

Med fotoceller
På lang sikt forventar forslagsstillarane at det fysisk vert arbeidd med å få tunnelane høgare. På kort sikt ser dei for seg løysingar der nedsette fartsgrenser, varsling om sentrisk køyring og ikkje minst ljosregulert einvegskøyring styrt med fotoceller er nøkkelord. Dei meiner også at det kan gjerast noko både med dekke i tunnelane og med dei eksisterande ljostilhøva.
Lovforslaget frå den noko uvanlege politiske konstellasjonen som står samla bak følgjande Dokument 8-forlsag i Stortinget lyder slik:
«Stortinget ber Regjeringen ved bruk av avbøtende tiltak som ivaretar sikkerheten straks å sørge for at forbindelsen mellom Øst- og Vestlandet E134 over Haukeli holdes åpen for tungtransport med høyde opp til 4.20 meter».