Hektisk innspurt før tunnelopning

— Me ligg i rute med det meste. Eg reknar med at dette skal gå […]

— Me ligg i rute med det meste. Eg reknar med at dette skal gå ganske greitt, seier prosjektleiar Odd Sæveraas i Statens vegvesen.
Rullestadtunnelen med sine 2.950 metrar ligg der klar og ventar på opninga. Den største delen av jobben er unnagjort.
— Her driv dei og skrur og koplar på lysarmaturar og deretter skal dei montera dei, forklarar Sæveraas, medan han tar Grannar med på ein kjøretur gjennom tunnelen nøyaktig ein månad før opningsdagen.
Truleg tar det endå nokre veker før straumen er på plass i tunnelen, men 30. juni skal alt vera klappa og klart, eit par månader før det opphavlege opningstidspunktet.

Til ferietrafikken
Rett før ferietrafikken set inn for fullt, blir den smale og kronglete vegen langs Rullestadjuvet bytta ut med ein 11,5 meter brei tunnel. Tunnelen har tre felt, der to av dei er på veg oppover. Totalt er Rullestadparsellen om lag seks km lang, og med den nye vegstrekninga er marerittet om Rullestadjuvet over.
Tunnelen har ei stigning på 6,6 prosent.
— Det er brattare enn det ideelt sett skal vera. Det skal eigentleg vera fem prosent, men det har me ikkje terreng til her, seier Sæveraas.
I tillegg til det elektriske arbeidet i tunnelen, gjenstår også noko asfaltarbeid, vegmerking, skilting og tilstelling av området rundt vegen. Samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) har fått æra av å opna vegen. Også vegdirektør Olav Søfteland og regionvegsjef Ole Christian Torpp kjem til opninga.

— Blir flott
Rundt 50 personar har i gjennomsnitt vore i jobb samtidig i arbeidet med Rullestadparsellen. Entreprenørane har travle dagar nå for å gjera alt klart før opninga.
— Det er hektisk, men ikkje meir enn det skal vera. Det blei litt sein vår i år, vinteren blei lang her oppe på Langebu med tele og snø og difor kom me seinare i gang med arbeidet, seier anleggsleiar Einar Hovda Nilsen for daganlegget i Mesta. Han er opphavleg etnebu, men bur nå i Vaksdal kommune.
— Det er alltid litt vemodig å bli ferdig, seier Hovda Nilsen.
Han byrja på prosjektet i august 2004, og har difor følgt med på utviklinga.
— Det blir flott. Ein fin vegstubb. Eg trur veldig mange blir glade når dei er kvitt Rullestadjuvet, seier han.

Kosta mindre
320.000 kubikk med fast fjell er tatt ut i samband med arbeidet.
— Tunnelarbeidet har gått greitt, og det har ikkje vore noko særleg vanskeleg fjell, men skjeringane langs vatnet har det vore litt kronglete fjell på, seier Sæveraas.
Den største bøygen kom før arbeidet blei sett i gang då det viste seg at dei ikkje kunne bygga etter planen ved Rullestadvatnet, fordi det ikkje tålte fyllingane. Det førte til ei mindre vesentleg reguleringsendring, og utsette oppstarten eitt år. 15. mars 2004 kom endeleg arbeidet med Rullestadparsellen i gang.
Totalt har vegen kosta ca. 230 millionar kroner og det er Mesta som er hovudentreprenør.
— Det kjennest bra når me blir ferdige, og ikkje har minus på kontoen, seier Sæveraas.
Fordi det blei brukt mindre pengar enn planlagt på Rullestadparsellen, blir det også pengar att til å utbetra vegen opp til Vassvikvatnet. Det utgjer 3,2 km. Dette anbodet blir snart lyst ut. Sæveraas reknar med anleggsstart i løpet av hausten, og ferdiggjering ein gong i 2007.
— Når me får desse tre kilometrane her er det gul stripe så langt auga kan sjå, seier ein nøgd Sæveraas.

Turistveg
Rullestadjuvet blir framleis tilgjengeleg for biltrafikk.
— Vegen får ein slags kulturvegstatus. Den blir vinteropen ned til Skromme der det bur folk, og om sommaren blir den vedlikehalden og halden open som turistveg, seier Sæveraas.
Om vinteren har kommunen ansvaret, medan om sommaren blir den vedlikehalden som ein riksveg.