Kva som skjer på styremøta i våre nye statlege føretak, er ikkje gitt å vita for dei som står utanfor. Då staten overtok sjukehusa, og gjorde dei om til føretak, blei det slutt på politisk valde styrerepresentantar og dermed offentleg innsyn. Det kan såleis skje mykje på kammerset utan at folket, som føretaka er til for, får vita så mykje. Både folket og media må for det meste nøya seg med dei pressemeldingane som blir sende ut med jamne mellomrom.
På sidelinja har me nå fått eit lite innsyn i striden som har oppstått mellom Helse Vest og Helse Fonna. Kva tid striden byrja, har me ikkje så mykje greie på. Me veit det var strid om budsjettet tidlegare i vinter, men hadde fått inntrykk av at det hadde roa seg og at det var fred mellom partane. Men så utan førevarsel kom pressemeldinga frå Helse Vest om at styret i Helse Fonna var kasta på dagen. Grunngjevinga frå styreleiar Mai Vik i Helse Vest var på ny usemje om budsjettet.
Men representantar for Helse Fonna seier at det ikkje stemmer og forklarer styret sin avgang med at Helse Fonna nekta å sparka Helse Fonna-direktør Johannes Kolnes etter krav frå Helse Vest. Noko Mai Vik i Helse Vest nektar for. Den avsette styreleiaren i Helse Fonna, Geir Worum, seier til Haugesunds Avis laurdag at det Mai Vik seier er feil. Han gjer det heilt klart at styret i Helse Fonna fekk klar beskjed om at dei skulle syta for Johannes Kolnes sin avgang.
Og her står partane i dag.
FrP-politikaren Kjell Alvheim og leiar i Stortinget sin sosialkomite, har bede helseminister Ansgar Gabrielsen gjera greie for kva som gjekk føre seg då styret i Helse Fonna blei sparka. Haugesunds Avis skriv på leiarplass at saka bør gå lengre enn som så og meiner helseministeren bør sørgja for gransking. Haugesunds Avis spør direkte om helseministeren på vegner av regjeringa kan akseptera at eit helseføretak med fire sjukehus skal stå på sidelinja på denne måten.
Me er heilt på linje med Haugesunds Avis i deira syn på konflikten og sluttar oss til kravet om full gransking.