Henta siste lass med stål

Ein svært vellukka aksjon, er konklusjonen etter at Vats bondelag sette strek for innsamlinga av […]

Ein svært vellukka aksjon, er konklusjonen etter at Vats bondelag sette strek for innsamlinga av stål før helga. Svein Magne Krakk var torsdag ettermiddag i Ølen og Etne for å hente dei siste fullasta konteinarane. Alt stålet er no frakta til det nye resirkuleringsanlegget til AF Decom på Raunes industriområde i Vats.
Fleire fluger i ein smekk
— No vil me sortere stålet, klyppe og vege det, og avgjere kva type metall det er, før me kan seie kva den eksakte verdien på det blir, seier Olav Ubøe, driftsleiar for AF Decom på Raunes.
Initiativtakarane bak aksjonen er Vats bondelag. Med innsamlinga av utrangert stål, har dei slått fleire fluger i ein smekk: Folk har fått rydda tuna og kjellarane sine, i tillegg til at Vats kyrkje får eit etterlengta tilskott til rehabiliteringa av kyrkja fram mot 150-årsjubileet til hausten. Dei har også forsynt AF Decom med resirkulerbart metall.
— Korleis fekk de ideen til aksjonen?
— Me høyrde AF Decom var interessert i å ta i mot stål, også hadde me høyrt om ein tilsvarande aksjon på Jæren. Me tenkte me måtte ha eit prosjekt å gje overskottet til, og då valde me kyrkja, seier Arve Mjølhus, leiar i Vats bondelag.
Nøgde koner
Vats bondelag hadde satsa på å få inn kring 100 tonn stål, men eit grovt overslag tyder på at det har kome inn heile 180 tonn. Mjølhus ser ikkje vekk frå at det kan bli endå meir. Sjåførar frå Krakk transport og Arild Urdal har vore rundt på så godt som alle gardane i Etne, Ølen, Sandeid, Vats og Vikebygd for å hente stålavfall. Bondelagsleiaren rosar innsatsen deira.
— Dei har samla inn til kostpris. Det hadde aldri kome inn så mykje hadde det ikkje vore for deira jobb. Det er lett å setje i gang, men nokon må også gjere jobben, skryt han.
I tillegg har sjåførane lånt ut konteinarar som folk har kasta i den siste månaden.
— Responsen har vore veldig god. Det viste seg at folk hadde hatt metall liggjande i årevis, held Mjøhus fram.
Han har inntrykk av at konene på gardane har vore spesielt nøgde med å bli kvitt skrapet, etter fleire års masing på mannen.
Til smelteverk
Frå anlegget på Raunes, går stålet vidare for omskaping på smelteverk, enten i Mo i Rana eller ute i verda. Mykje stål blir eksportert til Kina, der etterspurnaden er høg for tida.
Inntekta på metallet vil AF Decom overlevere kyrkjejubileumskomiteen komande laurdag, i samband med eit arrangement i Nedre Vats. Kor stor sjekken blir, vil ikkje Ubøe røpe ennå.
— Det kan også hende den summen me ser for oss no blir justert etterkvart, slår Ubøe fast, og meiner at det i tilfelle blir snakk om å gjere beløpet høgare.