Hjelper gatebarn i Afrika

Dei siste par åra er det Redd Barna som har fått pengane frå julesalet hans. […]

Dei siste par åra er det Redd Barna som har fått pengane frå julesalet hans. Han har sin eigen sjølvbetente butikk i Sandeid og Vikedal der han sel juletre og juledekorasjonar. Juletrea har han dyrka fram sjølv. Julenek, kransar og kristtorn kjøper han inn frå andre.

Overskotet frå julehandelen går uavkorta til Redd Barna sine prosjekt i Kenya og Somalia. Lærdal fortel at inntekta frå butikken hans er nok til å skaffa skulegang og kle til 60 barn i eitt år. I tillegg til at barna får omsorg på ulike måtar. I desse to prosjekta er det først og fremst gatebarn som får hjelp. Lærdal har ikkje hatt problem med å finna mottakarar av pengegåvene. Det er nok av land å ta av der barn treng hjelp til ting vi reknar som sjølvsagt, seier han.

Lærdal tykkjer jula er ei passande tid å tenkja på andre som ikkje har det så godt som dei fleste av oss. Han er nok ikkje aleine om å tenkja på alle dei som lever i naud og fattigdom rundt i verda. Men for dei fleste blir det med tanken. Det er dei færraste som set tankane ut i handling slik Lærdal har gjort det i 12 år. Men sjølv om me ikkje startar vår eiga innsamling, kan me vera med og kjøpa frå julebutikken til Lærdal. På den måten får fleire vera med og støtta barn som lever i elendige kår. Frå vår rike del av verda, der dei aller fleste har det bra, er det vanskeleg å setja seg inn i kvardagen til barn som lever på gata.
Det som driv Lærdal er gleda ved å gjera noko for andre. Han trur det er viktig. Han minner også om at det er ein del av julebodskapen. Det kan vera ein tanke for nokon kvar av oss når me om nokre dagar feirar vår overflodsjul.