Høybråten hjelper Kyrkjetunet

— Dette set oss i store økonomiske vanskar. Det er denne ordninga me har støtta oss […]

— Dette set oss i store økonomiske vanskar. Det er denne ordninga me har støtta oss til, seier Liv Herborg Wold, leiar i styret for stiftinga Kyrkjetunet.
Huset er på ca. 330 kvadratmeter i grunnflate og med 825 kroner i tilskot per kvadratmeter utgjer dette eit tilskot på i underkant av 300.000 kroner.
— Eg forstår ikkje at det ikkje finst overgangsordningar i forslaget frå Giske. Hadde det endå vore ei viss form for kompensasjon, seier Wold.
I budsjettforslaget frå den raud-grøne regjeringa er det statlege tilskotet til private kyrkjebygg kutta ut og forslaget har fleirtal på Stortinget.

Ber Giske om svar
For ei veke sidan sendte Wold brev til kultur- og kyrkjeminister Trond Giske (Ap) med kopi til stortingspolitikarane Dagfinn Høybråten, Finn Martin Vallersnes (H) og Magnhild Meltveit Kleppa (Sp). Høybråten har nå tatt opp saka i eit skriftleg spørsmål der han spør Giske kva han har tenkt å gjera for å sikra finansieringa av menighetshuset i Ølen.
— Eg vil at Giske ryddar opp i dette slik at me får ei løysing for dei bygga som allereie er ført opp, seier Høybråten.
Han seier han veit om mange bygg rundt om i landet som nå står i same situasjon som Kyrkjetunet.
— Me meiner dette er ein veldig dårleg politikk. Her fjernar ein ei tilskotsordning midt i løpet som gjer at folk som har rekna med tilskot, ikkje får det, seier Høybråten.

Endra søknadsfrist
Også Bondevik-regjeringa si flytting av søknadsfristen frå 15. september til 1. juni slår dårleg ut for Kyrkjetunet.
— Me hadde ikkje fått melding om endringa og gjekk ut frå at søknadsfristen var den same. Hadde den gamle søknadsfristen vore oppretthalden, kunne me søkt i september i år, men nå blei pengane fordelt i vår. Me var ikkje ferdige i vår og kunne difor ikkje søka då, seier Wold.
Alle bygg som er ferdige etter juni 2005 fell nå utanfor, og med det nye forslaget blir det heller ikkje høve til å søka om midlar neste år.
— Dei måtte varsla at søknadsfristen blei endra, men det har fylkesmannen beklaga, seier Wold.
— Eg trur den søknadsfristen er kunngjort på ordentleg måte, men uansett kan ein ikkje søka før ein har ferdigattesten på bygget. I realiteten får denne bråstoppen ei tilbakeverkande kraft, seier Høybråten.
— Kva gjer de dersom Giske gir negativt svar, Wold?
— Då blir det ekstra masse basarar. Det kan godt henda me må ut og be verksemder om støtte, seier Wold.
I følgje Wenche Nybo i informasjonsavdelinga i Kultur- og kyrkjedepartementet ønskjer ikkje den politiske leiinga å kommentera saka overfor Grannar før det skriftlege svaret er gitt til Dagfinn Høybråten. Ho kan ikkje sei når statsråd Giske kjem til å svara.