Hyppige trafikkontrollar

Kari Aakra I dag hadde politiet kontroll på E 134 mellom Etne og Ølen. Ein […]

Kari Aakra

I dag hadde politiet kontroll på E 134 mellom Etne og Ølen. Ein time frå klokka 08.45 i dag morgon, kontrollerte dei nærare tjue bilar for bilbeltebruk, promille og åtferd. Ingen bilistar fekk merknadar, fortel lensamnn Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

På laurdag var vegvesenet på tokt, med kontroll på Kyrping, ved Austebøhammaren og i sentrum i Etne, før dei tok siste kontrollpost i Ølen. Over hundre bilar blei kontrollerte mellom kl. 10.00 og 17.00, og det var mange bilistar som fekk merknadar, fortel overingeniør Hallstein Førland i Haugaland og Sunnhordland vegesen.
 — Det var mykje bruksforbod, mellom anna måtte bilførarar setja ifrå seg hengjarar då dei ikkje hadde førarrett til å kjøra med det. Dessutan blei det mange merknadar på manglande og for dårlege lys, nokre bilar var heilt mørke på eine sida, og då blir det sjølvsagt gebyr, fortel Førland, som understrekar at kontrollane vil bli hyppigare også frå vegvesenet si side.

På søndag hadde utrykkingspolitiet fartskontroll på E 134 i Skjold. Fleire bilistar fekk mindre bøter, medan ein bilførar fekk bot for å køyra 107 kilometer i timen i 80-sona.