Rådmannen understrekar i si saksutgreiing at Vindafjordhallen er i ein svært vanskeleg økonomsikk situasjon. Ho meiner likevel at kommunen ikkje har økonomi til å driva symjehallen. Ho frårår derfor søknaden og innstiller på å stengja symjehallen ut året.
Underskotet før sommaren var 160.000 kroner. For å avklara den vanskelege situasjonen, ber driftsstyret om eit likviditetslån på 200.000 kroner for å klara seg over sommaren. Formannskapet rår til å løyva 250.000 kroner for å unngå stenging av symjehallen.
Den økonomiske drifta av Vindafjordhallen er eit sørgjeleg kapittel. Etter søknad frå Vindafjordhallen har kommunen i mange år ytt ekstra tilskot. Mellom 800.000 og ein million kroner kvart år for å ha ei forsvarleg drift av symjehallen pluss løpande vedlikehald. Nå er driftsfondet på 1,5 millionar kroner frå 2002, oppbrukt.
Den dårlege økonomien var bakgrunnen for opprettinga av Vindafjordprosjektet og at kommunen inngjekk ein intensjonsavtale med Vito Holding AS for å få til ein driftsavtale innan utgangen av 2004. Nå ser det ut til å bli vanskeleg å klara denne tidsfristen.
Det er ikkje vanskeleg å forstå rådmannen og hennar grunngjeving for stenging av symjehallen. Men kommunen må sjølv ta på seg litt av skulda for at drifta går dårleg. Flytting av biblioteket og mindre skulebading er med og svekkjer økonomien.
Vindafjordhallen, som for det meste var gitt som gåve frå Norwegian Contractors, er eit godt døme på at det ikkje er investeringa av eit slikt prosjekt som er bøygen. Det er drifta som er den store utfordringa. Nå bør alle krefter setjast inn for å få til ei forsvarleg drift. Vindafjordhallen med den flotte symjehallen ligg sentralt for alle bygdene i vårt distrikt. Det burde såleis ikkje vera nødvendig for nokon av oss å kjøra til Aksdal i Tysvær for å bada.