Imponert over rigg – vil stoppe boring

I følgje Bellona-leiaren har Hydro sendt søknaden om utsleppsløyve så seint at «Eirik Raude» er […]

I følgje Bellona-leiaren har Hydro sendt søknaden om utsleppsløyve så seint at «Eirik Raude» er ferdig ved West Contractors i Ølensvåg lenge før søknaden er behandla ferdig.
— Det blir ei omvendt rekkjefølgje når riggen er ferdig ved verftet i Ølensvåg før utsleppsløyvet er klart. Eg trur Hydro medvite spekulerer i dette for å få senka miljøkrava, seier Frederic Hauge.
Ikkje null utslepp
— Riggen skal snart gå, og verken SFT eller Miljøverndepartementet har fått sagt sitt om søknaden. Det er eit bevisst press at riggen så å seie er på veg til feltet når løyve blir gitt. Riggen burde liggje i ro og få alle godkjenningar først, seier Hauge.
Han meiner kravet til utslepp er svært viktig sidan det set standard for kva som er akseptabelt i Barentshavet, endå lenger nord enn Snøkvitfeltet.
— Det blir miljøvernminister Knut Arild Hareide som til slutt vil måtte setje standaren for utslepp. Dei kallar det nullutslepp, men i praksis er det kva staten definerer som akseptable utslepp, seier Hauge.
SFT kjem til å gi eit løyve som ikkje betyr null utslepp, og det vil Bellona klage inn for Miljøverndepartementet.
Klarer ikkje fristen
— Difor trur eg ikkje boringa kjem i gang før jul slik Hydro har fått konsesjon for. Vi aksepterer ikkje at retten vår til å kome til orde blir tatt frå oss på grunn av tidsfristar. Det har skjedd for mange gonger, seier han.
Hauge var invitert ombord i «Eirik Raude» av riggeigar Ocean Rig med arbeidande styreformann Geir Aune i spissen.
— Vi har ein ryddig dialog med selskapet, og det var lærerikt å få meir kjennskap til riggen. Det er ikkje eigaren som har ansvaret for utslepp. Det har operatørane Hydro og Statoil som leiger riggen. Og i siste instans styresmaktene som gir klarsignal, seier Hauge.
Råkøyr i Barentshavet
Ocean Rig hadde invitert ein rekkje aktørar til å vere med på ei skrytevisning på riggen på torsdag. Selskapet er stolt av riggen som er av det mest moderne som finst, og er få andre som taklar barskt klima og ekstremt vêr like godt.
Også Frederic Hauge var imponert etter besøket på verdas største leiterigg.
— Det er ikkje tvil om dette er ein imponerande rigg og av det beste å oppdrive. Dimensjonane er ganske store. Press frå vår side når det gjeld miljøkrav kan gi slike riggar jobb på norsk sokkel sidan andre ikkje taklar tilsvarande krav. Eg ser på selskapet og dei som arbeider ombord som profesjonelle. Det er ikkje der vi set fingeren vår i dette tilfellet, seier Frederic Hauge.
Han er spesielt skuffa over at KrF og Venstre er med på det han kallar råkøyr i det fiskerike og sårbare Barentshavet.
Bellona var i går framleis i Ølen med miljøskipet sitt. «Eirik Raude» er dei ikkje ferdig med. Målet er å klare å stoppe den planlagde leiteboringa riggen skal delta i før jul.