Takka vera god personkjemi, stor tillit og like visjonar, har dei to bedriftene bestemt seg for å gå inn i eitt tettare samarbeid. SMV AS legg ned sveiseavdelinga i Skånevik og overfører den delen av produksjonen til MCE AS i Etne.
Samstundes går SMV inn i eigarskapet til MCE, med 30 prosent.
— Frå no av blir MCE vår hovudleverandør av stålprodukt. Me kjem til å behalde tre personar som skal driva med spesialsveising, medan resten av våre medarbeidarar på dette feltet får andre oppgåver. På denne måten kan både SMV AS og MCE AS fokusera og satsa på hovudområda, seier dagleg leiar i SMV AS, Lars Hovda.
Utvidar med 1500 m2
Bedriftene har alltid hatt eit godt og tett samarbeid.
— SMV AS har vore ein av hovudkundane våre frå starten av, og me har alltid hatt eit godt samarbeid, seier Terje Gravelsæter, produksjonsleiar ved MCE AS.
Allereie denne veka startar grunnarbeidet på den nye åtte dekar store tomta til MCE. Her skal det snart reisast eit nytt og moderne produksjonsanlegg på 1500 m2, som kjem i tillegg til dagens produksjonshall. Det vil bli lagt vekt på effektiv logistikk og moderne produksjonsutstyr. Dersom alt går etter planen skal bygget stå ferdig i mai/juni 2008. MCE har hatt ein jamn vekst sidan oppstarten i 2000, og har i dag 24 tilsette.
— Me skal investera 15 millionar i bygg og utstyr. Me skal installera nytt brennebord, ny valse for store dimensjonar, og på sikt ein sveiserobot. Det er ein stor fordel for oss å ha ei såpass stor bedrift som SMV AS i ryggen, når me investerer såpass mykje, seier Terje Gravelsæter.
Fungerer som ei bedrift
— Det er veldig kjekt at me kan samarbeida. Stor tillit er eit godt fundament for eit langsiktig samarbeid, me er overbevist om at dette er ein vinn-vinn-situasjon for begge partar, seier Jan Vinje, styreleiar i MCE AS.
Satsinga vil også føra til ytterlegare vekst. Bedriftsleiarane er stadig på jakt etter meir arbeidskraft.
— Me er per i dag 56 tilsette, og har eit sterkt behov for meir folk både innan montasje og som maskinoperatørar. Me er spesielt interessert i å rekruttera folk lokalt. Eit tettare samarbeid mellom Etne og Skånevik på fleire område, vil vera med på å framskunda ein tunnel, seier Lars Hovda.
Terje Gravelsæter, Jan Vinje og Thor-Olav Helgevold er overbevist om at også dei kjem til å trenge meir arbeidskraft den neste tida.
— Me kjem til å få behov for meir folk. Det å rekruttera folk lokalt er veldig viktig for oss. Kunsten er å vera ei attraktiv bedrift for ungdom. Det mest ideelle ville vore om Etne vidaregåande skule, fekk ei linje som kunne hjelpa oss å få fatt i dei rette ungdommane , seier Thor-Olav Helgevold, dagleg leiar ved MCE AS.
Større marknadsnettverk
— Me kjem til å bruka kvarandre for alt det er verdt. SMV AS har ein ingeniøravdeling, som me kjem til å bruka ved behov, seier Thor-Olav Helgevold, dagleg leiar i MCE AS.
Som fylgje av samarbeidet vil begge bedriftene få eit mykje breiare marknadsnettverk.
— Potensialet er svært stort. No kan me marknadsføra oss gjennom kvarandre og bruka kvarandre sine kontaktar, seier Jan Vinje. Bedriftsleiarane har ein og same visjon. Målet er å skapa noko lokalt og få fram fleire arbeidsplassar i Skånevik og Etne.
Industrimarknaden er svært travel, og dei to bedriftene ser lyst på framtida.
— Frå i fjor til i år, har me tredobla produksjonen av vasskraft-turbinar. Truleg kjem me til å levera omlag 25 turbinar i 2008. SMV AS produserer alle turbinane for Energiteknikk AS i Dimmelsvik. Dette med å produsera grøn kraft er ekstremt etterspurt, og det trur eg me kjem til å merka, seier Sveinung Eskeland, administrasjonssjef ved SMV AS.
SMV har til no hatt ein god del av stålproduksjonen i Estland, men på sikt skal denne produksjonen til Etne.