Jordbruksoppgjeret og KrF

Ja, flott! Dette er me samde om. Eg kjenner faktisk ingen som er så dårleg […]

Ja, flott! Dette er me samde om. Eg kjenner faktisk ingen som er så dårleg betalt (151.000 pr. årsverk i 2005 for ein vestlandsbonde) og som er pålagt så viktige samfunnsoppgåver som matproduksjon og beredskap, stell av kulturlandskapet og sikre busetjing, som bøndene.
Det underlege er faktisk at den dårlege lønsutviklinga og skilnaden til andre yrkesgrupper ikkje på nokon måte vart retta opp med KrF i regjering. Heller motsett. Eg må minna Helland om at for eitt og eit halvt år sidan sat KrF faktisk med makt, dei lova, men hadde ikkje mot til å gjennomføra den same lovnaden, dei no krev av denne regjeringa.
For Senterpartiet er det eit mål og halda det me har lova, både overfor bøndene og andre. I Soria Moria erklæringa har me lova bøndene, saman med SV og Ap, ei inntektsutvikling på line med andre. Det har me kjempa for. I Sp har me framleis den forståinga at bønder også lever av kroner, ikkje prosent, og vil kjempa for det.
No er jordbruksoppgjeret i hamn. Eit oppgjer som enda med eit heilt nødvendig inntektsløft, om lag på line med andre yrkesgrupper. For første gong på 30 år. Det kan alle me som er opptekne av norsk matproduksjon, kulturlandskap, reiseliv og levande bygder vere glad for.
Men me er på ingen måte i mål. Skal lovnadane frå Soria Moria oppfyllast må gapet mellom inntektene i landbruket og andre yrkesgrupper tettast. Eit gap som KrF på ingen måte var med å tetta i si regjeringstid. Snarare tvert om.
Senterpartiet vil halda fram kampen for ei anstendig betaling for dei viktige samfunnsoppgåver som bøndene utfører for storsamfunnet.
Så får ettertida visa om me greidde det. Samfunnet har ikkje råd til at me tapar.

Sigrid Brattabø Handegard
Fylkesleiar Hordaland Sp