— Dersom Dum Dum Boys kjem til vårt distrikt i sommar, blir det i Skånevik ein får sjå dei. Framleis er ikkje noko bestemt, men dei har sagt at dei har veldig lyst å komme. Eg får vite det sikkert i byrjinga av april, seier bluessjef Alf Warloe Christophersen.
Enorm pågang
Etter at det vart kjent at den verdskjende britiske rockegruppa Whitesnake gjestar Skånevik Bluesfestival, har telefonen ikkje fått ein sjanse til å bli kald.
— Det har vore ein enorm pågang frå heile landet, seier ein nøgd Alf Warloe Christophersen. Det er ekstra spesielt at gruppa vel å gjeste Noreg for fyrste gong i Skånevik. Whitesnake er ei gruppe av dei store dlitt gjort noko med for lenge sidan, og var heilt på sin plass.
— Det passa jo ekstra godt at det blir gjort i år, det er jo friluftslivets år. Og denne turløypa rundt Osnes er svært flittig brukt i Etne, seier Anne Britt Grindheim.
Burde blitt turløype
— Osnes rundt burde blitt merka som turløype. Det hadde blitt meir attraktivt for både turistar og andre då. Litt skilting hadde gjort seg, seier Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik.
Anne Britt Grindheim poengterer at området er perfekt for turar.
— Det er jo til og med tilrettelagde badeplassar og tilgjengeleg for rullestolbrukarar, seier ho før ho på ny set kursen rundt Osnes med barnevogna og resten gjengen.