I 12 år har Anders Lærdal drive sin alternative julebutikk for å skaffe pengar til eit godt formål. Dei siste to åra er det Redd Barna pengane har gått til. Tidlegare har han gitt skjerven til arbeid i regi av soknerådet.
Anders Lærdal sin vesle sjølvbetjente handel er i Sandeid og Vikedal. Handelsmannen tar runden morgon og ettermiddag, pluss ein tur midt på dagen; resten ordnar seg sjølv. Svinn er det lite av.
— Det har skjedd berre ein gong på alle desse åra. Folk er ærlege her, men eg tvilar det hadde vore fullt så enkelt ute i byen.
Gir skulegang
81-åringen dyrkar fram juletrea sjølv, og buntar med pyntegrønt hentar han frå eigen skog. Julenek, kransar og kristtorn kjøper han inn frå andre.
— Eg prøvde å dyrke kristtorn her i Sandeid, men det var ikkje vellukka, fortel han.
Handelen er upåklageleg, og det viktigaste for Lærdal er overskotet som går til barn i Afrika. Redd Barna har prosjekt i Kenya og Somalia som han gjerne vil bidra litt til.
— Inntekta her er nok til å skaffe skulegang og kle til 60 barn i eitt år. I tillegg til at dei får omsorg på ulike måtar. Det er først og fremst gatebarn som får hjelp. Det er nok av land å ta av der barn treng hjelp til ting vi reknar som sjølvsagt, fortel han.
Handslag viktig
Lærdal synst jula er ei passande tid å tenkje på at andre ikkje har det så bra som dei fleste av oss. Det er også ein del av julebodskapen.
— Det er givande å gjere noko for andre. Eg trur det er viktig. Vi har det så godt at vi bør hjelpe andre. Redd Barna driv eit flott arbeid. Eg har inntrykk av at folk er interesserte i å hjelpe andre. Det er mange eksempel på det, meiner han.
Men den tidlegare bonden, kyrkjetenaren og klokkaren tenkjer på ei god sak heile året. Om sommaren sel han poteter og jordbær der overskotet går til lokale tiltak i kristen regi. Lærdal er ikkje opptatt av å fylle eigen pengepung.
Returnerte lønna
Han byrjar å dra på åra, som han seier det, men Lærdal likar å halde oppe koken. Han tar framleis økter med å køyre VG og Dagbladet for eit firma på Stord. På laurdag var han ein tur til Sauda, innimellom turar til julebutikken sin i Vikedal og Sandeid.
I sommar vikarierte han som kyrkjetenar i seks månader. Men lønna returnerte han til fellesrådet.
— Dei har mange ting dei kan bruke pengane på. Eg klarer meg med pensjonen.
Kulingbya tar ekstra i, og Anders Lærdal må feste juletrea med tau. Kronene som går til Afrika skal ikkje blåse vekk i vinden.