Bergsvåg fekk overrekt kjeda under den tradisjonelle nyttårsvisitten i rådhuset i Haugesund der ølensordføraren var invitert til å halde tale. Utan dette initiativet ville ordføraren i Vindafjord starte sine første offisielle oppdrag utan ordførarkjede. Kjede var ikkje det første som stod på tapetet i den nye kommunen, pluss at det er tradisjon for at kommunar blir påspanderte ordførarpondus.
Godt nøgd
— Det var svært gledeleg å få ordførarkjede i den nye kommunen. Det er ei enkel og stilrein kjede som eg er godt nøgd med. Den er vakker, seier Bergsvåg.
— Eg var informert på førehand og vi har fått sett skisser av kjeda. Arbeidet med å skaffe oss ordførarkjede starta rett etter at ordførar Petter Steen i Haugesund inviterte meg til å halde tale i nyttårsmottakinga, fortel Bergsvåg.
Hovudmotivet er kommunevåpenet til nye Vindafjord med ein eigen varde over. Våpenet er som kjent i raudt, og varden er i ein blå nyanse.
— Det var designaren som greip fatt i dette med varde. Det passar godt inn i ein kommune med mange fjelltoppar, og varde var langt framme då vi vurderte kommunevåpen, seier Bergsvåg.
Laga i Tønsberg
I kjeda er det lagt inn små versjonar av kommunevåpenet heile vegen rundt. Alt skjedde ganske raskt, og Th. Martinsen Sølvvarefabrikk i Tønsberg fekk oppdraget med både å designe og produsere kjeda. Det er ein fabrikk med lange tradisjonar, også når det gjeld ordførarkjeder.
Bergsvåg fekk overrekt kjeda av styreleiar Bjarne Housken i Haugesund Sparebank. Og saman med Haugaland Kraft er dei sentrale samarbeidspartnarar til den nye kommunen.
Ølen har aldri hatt kommunevåpen, medan Norwegian Contractors spytta i ordførarkjede til gamle Vindafjord under Raunes-utbygginga. Det var tidlegare snakk om å omarbeide dette våpenet, men kommunane landa raskt på at det er eit våpen for gamle Vindafjord, og skal halde fram med å vere det.
— Eg reknar med at våpenet til gamle Vindafjord blir plassert i ein monter i formannskapssalen. Der blir truleg også ordførargalleria for dei to kommunane hengde opp, seier Bergsvåg.
Han har enno ikkje starta på å skrive talane til den offisielle middagen og folkefesten under markeringa av kommunesamanslåinga. Men ordførarkjeda ligg trygt i kofferten og får sin debut på laurdag.
Kan smykke seg med kjede
Bergsvåg fekk overrekt kjeda under den tradisjonelle nyttårsvisitten i rådhuset i Haugesund der ølensordføraren var […]