Kjem te Etne

— Målet er at folk skal bli i godt humør. Ja, vi spelar på det. […]

— Målet er at folk skal bli i godt humør. Ja, vi spelar på det. Det er viktig at publikum skal føle at dei er med på noko spesielt, seier Odd Nordstoga.
— Frå turneen har ein kunne følgje med på at du tek deg ein svingom. Kan publikum rekne med å få ein dans med deg?
— Nei, nei sjølv om eg showar ein del, vil ingen lære å danse av meg, seier han med eit smil.
Han er midt i turneen, som komande laurdag skal bringe han og orkesteret hans til Etne.
— Korleis går det?
— Veldig bra, betre enn nokon gong.
Og det betyr ikkje lite når ein veit kva jubelår Odd Nordstoga opplevde i 2004 etter at cd-en «Luring» med «Kveldsong for deg og meg» førte til høgaste terningkast og Spelemannsprisar, og ein suksess som ikkje minst overraska hovudpersonen sjølv.

Smålåten
For er det noko Odd Nordstoga er redd, så er det å skryte over seg sjølv.
— I «Under lupa» på «Norsk på norsk» oppnådde du nyleg ti av ti oppnåelege poeng for den nye plata di «Heim te mor». Det må du vel vere kry over, for der blir verkeleg heile verket sett under lupa av kunnige personar?
— Ja, eg må vel vere det. Det er i allfall det beste som er oppnådd der i år, svarer han utan å heve røysta.
Men når det gjeld «Heim te mor» understrekar han at denne er ein hyllest til heimen og alle verdas mødrer, og ikkje berre Vinje og hans eiga mor.
— Du blir sett på som den rotekte bygdaguten. Kjenner du deg igjen når du les om deg sjølv?
— Nei, ikkje så veldig. Eg synest dette med berre bygda blir for enkelt. Eg bur i byen, og er der meir enn eg er på bygda. Difor er bilete som blir teikna av meg i media for smalt, seier han.

Topp musikarar
— Folkemusikken står deg nær, og det gjeld ikkje berre den norske?
— Nei, eg vil seie at det først og fremst er den nordiske og den amerikanske folkemusikken eg bruker, men elles mykje forskjellig. All popmusikk har forgreiningar til folkemusikken. Eg bruker bevisst akustiske instrument for å understeke dette, seier han.
Så har då også musikarane han har med seg på konserten blitt omtalt som eit kanonlag, og dei er plukka på øvste hylle: Geir Sundstøl, gitarar, Line Horntvedt, fløyte og tuba. Daniel Sandén-Warg, fele, Thomas Tofte, bass, Martin Windstad, trommer og John Vinge på tangentar.

Bruce Springsteen
Det akustiske lydbilete, farten og gleda minner meg om Bruce Springsteen, er det bevisst?
— Eg er glad for samanlikninga. Bruce Springsteen er ein av mine største inspirasjonskjelder. Kanskje er det litt tilfeldig at eg minner om han, men «Upp på himmelen» frå min siste cd, er faktisk ein gest til han, seier Nordstoga.