Kjempar for opprykk

I 5. divisjon er det svært tett mellom dei tre topplaga Etne, Skjoldar og Vats94. […]

I 5. divisjon er det svært tett mellom dei tre topplaga Etne, Skjoldar og Vats94. I realiteten kan alle desse laga rykkja opp. Best an ligg Etne, som ligg fire poeng føre Skjoldar. På tredjeplass ligg Vats 94, fem poeng bak Skjoldar. I denne divisjonen rykkjer vinnaren av serien automatisk opp, medan sølvlaget må vinna ein kvalifiseringskamp mot eit lag frå Stavanger-området, for å spela i 4. divisjon til neste år. Sjansen for at Vats94 er å finna i 4. divisjon neste år er til stades, men Vats94-trenar Arne Sakarias Tveit, trur sjansen er svært liten.
— I tilfelle det skal skje må Skjoldar tapa begge kampane som kjem, og me må vinna begge to. Det kan sjølvsagt skje, men eg må seia at då blir eg overraska, seier han og ler.
Mykje kan skje
Etne er det laget som er nærmast opprykk, men også dei kan enda opp i kvalifiseringsspel. Dette skjer dersom Etne får berre eitt poeng i dei to siste kampane og Skjoldar vinn begge.
Til helga skal Etne møta Sveio på Etne stadion, Vats94 har Åkra på heimebane, og Skjoldar har botnlaget Ferkingstad på heimebane. Neste helg skal Etne møta Stegaberg borte, Vats94 skal ha heimekamp mot Haugar og Skjoldar har bortekamp mot Sveio.
Mykje står på spel for dei lokale fotballaga i 5. divisjon denne helga.
Når det gjeld GrannKam, som spelar i 4. divisjon, ligg dei i midten på tabellen, og såleis for langt nede til å rykkja opp, men heller ikkje i fare for å rykkja ned.
Bjoa/Vikebygd ligg i botn i 6. divisjon med sine tre poeng så langt i sesongen, og dermed på klar nedrykksplass.

Fotballtabellar
4.div Menn avd 02
Hinna – Orre 7 – 0
Torvastad – Vard Haugesund 2 4 – 1
Vard Haugesund2 17 13 1 3 77 – 28 40
Torvastad 16 10 2 4 51 – 23 32
Ganddal 16 10 2 4 42 – 29 32
Hinna 17 9 2 6 54 – 39 29
Kolnes 16 8 1 7 47 – 67 25
Djerv 1919 16 8 0 8 47 – 37 24
Grannkam 16 7 3 6 29 – 29 24
Skudenes 16 6 3 7 32 – 27 21
Madla 16 4 6 6 28 – 37 18
Sauda 17 3 2 12 18 – 49 11
Orre 17 0 2 15 11 – 71 2

5.div Menn avd 04
Haugar – Åkra 2 0 – 4
Etne 19 12 3 4 47 – 23 39
Skjoldar 19 11 2 6 44 – 36 35
Vats 94 19 9 3 7 52 – 36 30
Stegaberg 19 7 7 5 42 – 36 28
Åkra 2 19 6 7 6 48 – 40 25
Sveio 19 5 4 10 33 – 52 19
Haugar 19 3 9 7 31 – 44 18
Ferkingstad 19 3 5 11 26 – 56 14

6.div Menn avd 04
Kopervik 2 – Bømlo 1 – 1
Nord 2 – Falkeid 6 – 0
Solid 2 – Finnås 1 – 1
Finnås 16 11 2 3 52 – 26 35
Solid 2 16 9 2 5 36 – 25 29
Bømlo 16 8 3 5 31 – 19 27
Kopervik 2 16 8 1 7 57 – 33 25
Falkeid 16 8 1 7 32 – 32 25
Bremnes 2 16 7 2 7 42 – 36 23
Kolnes 2 16 7 2 7 38 – 42 23
Rubbestadneset 16 7 1 8 41 – 43 22
Nord 2 16 6 2 8 55 – 30 20
Bjoa/Vikebygd 16 1 0 15 15 – 113 3