Like viktig som rett strategi og god målteft på handballbanen i VM, er det for dei politiske aktørane å lukkast med sitt pasningsspel. Men som i VM-handballen, kan både fire og fem måls forsprang fort bli oppete med feil i forsvar og angrep.
Me har alt vore vitne til store omleggingar både i angrep og forsvar hos våre fremste politikarar. Arbeiderpartiet klarte å få ferdig utkastet til sitt partiprogram like før Standpunkt i NRK gjekk på lufta tysdag kveld. Ap-leiar Jens Stoltenberg og påtenkt statsminister for den rød-grøne koalisjonen mellom Ap, SV og Sp, kunne glad fortelja at partiet hans fredar kontantstøtta fram til 2008, eller til landet har fått full barnehagedekning. Motstandar i programmet, statsminister Kjell Magne Bondevik, tok dette som eit klart knefall for KrF sin familiepolitikk, der kontantstøtta er den store fanesaka.
Dagen etter går barne- og familieminister Laila Dåvøy ut i media og seier at regjeringa snur i barnehagesaka. Grunngjevinga er dei sterke signala til høyringsnotatet der 80 prosent av kommunane ikkje godtar nedbemanning av pedagogisk personell i barnehagane.
Laila Dåvøy, som tysdag var på lynvisitt i Skånevik og barnehagen i bygda, seier til Grannar retretten ikkje er noko nederlag for regjeringa.
Om ikkje dette var nok, fekk me tysdag vita at Arbeiderpartiet nå krev at nye gasskraftverk skal vera frie for CO2-utslepp.
Me kjem nok til å få fleire slike oppslag i tida framover. Som på handballbanen gjeld det å leggja opp spelet etter kven som er motstandar i kvar kamp. I dei politiske innleiingskampane er det familiepolitikk som har vore den heitaste poteta. Det vil den nok vera framover også. Det er lettast å få innpass med såkalla mjuke verdiar. Kvinner og barn er kjærkomne mottakarar ikkje berre av kontantstøtta, men også av politiske bodskap som grip inn i deira kvardag.