Klassiske perler på ei snor

— Me håpte sjølvsagt at langt fleire ville kome. No er det berre så vidt […]

— Me håpte sjølvsagt at langt fleire ville kome. No er det berre så vidt det går rundt økonomisk, sa Anne Kristine Andersen i Skjold sokneråd.
Dei som ikkje kom gjekk i alle fall glipp av ein veldig fin konsert. Groven og Nordstoga viste kvifor dei er i den norske musikkeliten.
— Det er ekstra inspirerande å spele når ein samstundes får med seg denne flotte utsikten, sa Sigmund Groven.

Tonar frå heimbygda
Både Sigmund Groven og Kåre Nordstoga er oppvaksne i Heddal. Det var difor ein sjølvsagt ting at musikarane presenterte noko frå sine heimtrakter. Dei starta konserten med folketonen « I himmelen» frå Heddal. Vidare presenterte dei musikk frå Sigmund sin onkel, Eivind Groven. Først «Laling og bånsull›, som han fann inspirasjon frå i tida som gjetargut, og etterpå det som kanskje vart kveldens høgdepunkt, den kjende «Om kvelden».
Sigmund Groven er også ein dyktig komponist, og publikum sette stor pris på hans eigen song «Aria».

Ein tur innom barokken
Etter tonane frå heimtraktene, gjekk dei to over til Barokken. Både Bach, Händel og Gounod vart hylla med flott musikk. Eit høgdepunkt frå denne perioden var «Ave Maria».
— Musikken frå barokken er ikkje laga for munnspel, av den enkle grunn at instrumentet ikkje fanst den gongen. Heldigvis går det an å arrangere musikk. Min læremeister Tommy Reilly har arrangert musikken om til å passe munnspelet, sa Sigmund Groven.

Minna utvandringa
Siste del av konserten fekk publikum høyre Kåre Nordstoga spele «Til våren» av Edvard Grieg. Begge to framførte den nydelege «Andante frå Klaverkonsert 21» av 250 års jubilanten Mozart. Dei to siste nummera stod i Erik Byes teikn. Gjennom Erik Bye sine tekstar minna dei utvandringa til USA og heidra munnspelet som har betydd svært mykje for både Groven og Erik Bye. Erik Bye stod bak teksten på «Blow, silver wind» og «Så spiller vi harmonica». Bye ville at hans gode venn Sigmund Groven skulle setje musikk til desse tekstane, og resultatet fekk eit imponert publikum i Skjold kyrkje høyre.