Knepne tap på Ekebergsletta

Verst var nok tapet å svelgja for jentene. Øystre Slidre/Rogne var så absolutt ei overkomeleg […]

Verst var nok tapet å svelgja for jentene. Øystre Slidre/Rogne var så absolutt ei overkomeleg oppgåve. Etter ein litt lei start med eit tidleg baklengs, tok Skjoldagjengen seg kraftig saman. Dei kjempa motstandarane ut av stilen, og fekk ei fortent utlikning mot slutten av omgangen. Der og då tydde alt på at Skjoldar skulle få ein svært hyggjeleg start på årets Norway Cup. Diverre gjekk mykje galt etter kvilen, og det hjelpte ikkje ein gong at Ingrid Kleiveland reduserte til 2-3 like før slutt.

Som planlagt
Også gutane tapte med eitt mål. 1-2 for Jotun Årdalstangen var likevel eit godt resultat. I ein kamp som hadde det meste. Store sjansar, svært godt keeperspel og ein eventyrleg innsats.
— Eg hadde planlagt å scora på førehand, gliste Mats Søvik Isaksen, då bataljen var over og Skjoldar hadde gjennomført Norway Cup-debuten sin til klart godkjent.
— Eg vart felt, og då tenkte eg at eg like gjerne kunne ta frisparket sjølv. Knalla til det eg var god for, og det var herleg å sjå ballen spretta i mål. At det var via ein Jotun-spelar tek ikkje glansen frå scoringa, jubla ein lukkeleg trettenåring. Og han var slett ikkje den einaste av dei mange unge Skjoldar-spelarane som hadde krut i støvlane. Medan dei fleste på motstandarlaget var 15 og 16 år, låg hovudtyngda av Skjoldar-spelarane kring 14. Det gjer prestasjonen endå større.

På Vålerenga
Til liks med dei fleste andre av dei 30.000 deltakarane under årets Norway Cup, er også kontingenten frå Skjoldar installert på ein skule i sentrum av hovudstaden.
— Me hamna på Vålerenga skole, og det var langt betre enn forventa. Skulen er nyoppussa, dusjanlegget heilt suverent og me sov faktisk ganske godt i natt. Sjølv om det sjølvsagt er nokon i gjengen som må tøysa seg litt ekstra. Om klokka er ti om kvelden eller tre om natta, fortel Mats.
— Eg har gledd meg til denne turen i månadsvis. Utan tvil det største me har vore med på. No håpar eg berre at det kan bli ein siger eller to i dei neste kampane våre. Men skulle det ikkje gå heilt som me håpar, trur eg dette kjem til å bli ei drøymeveke same kva.

Regnet kom
Med Norway Cup kom også regnet til hovudstaden. I kjent stil. For på Norway Cup er det aldri middels varmt eller litt vått. Her er det enten 40 varmegrader og vassmangel, eller så opnar himmelen seg. Det siste skjedde i går føremiddag. Men litt godt vestlandsvêr gjer jo ikkje noko for dei som har kome over fjellet for å ta del i moroa. Men banane tåler ikkje all verda, og skjer det ikkje eit vêromslag i løpet av kort tid, skal leiinga i Norway Cup få mykje natt- og ekstraarbeid i samband med stenging av banar og flytting av kampar. Inntil vidare får ein berre håpa på betre tider.
Vikebygd er også på plass med eit lag under Norway Cup, men dei spelte ikkje før etter at Grannar var gått i trykken. På http://www.norway-cup.no kan dei som vil følgja med på det siste som skjer.