Knipen siger for kulturhus

Frontane stod steilt mot kvarandre i kommunestyret tysdag. Høg temperatur og sterkt engasjement prega den […]

Frontane stod steilt mot kvarandre i kommunestyret tysdag. Høg temperatur og sterkt engasjement prega den om lag tre timar lange debatten som til slutt enda med ein elleve-ti siger for kulturhus.
Frp fremja utsetjingsforslag, men det fall med elleve mot ti røyster. Motstandarane av kulturhuset stod hardt på at dei ville sjå ei konsekvensutgreiing.
— Eg har endå ikkje sett kva konsekvensar det vil ha for kommunen å gå inn for å bygga kulturhuset. Vil det ha noko å seia for skule, skal det leggast ned eller flyttast noko? Vil det ha noko å seia for omsorgstenesta i Skånevik eller Etne? spurte Audun Namtvedt (Frp).
Tilhengarane av kulturhuset argumenterte på si side for at eit godt kulturtilbod kan vera med og trekka fleire innbyggjarar til bygda.
— Eg trur dette vil få fart på bygda. Me har ikkje råd til å la vera, sa ordførar Amund Enge (H), og framheva Etne som kulturbygda på Indre Haugalandet.
— Monument i sentrum
— Det er første gong at me er med og behandlar ei sak av ein slik dimensjon utan at me veit kva konsekvensar det gir, sa Kristoffer Vannes (Ap), og lurte på om det var eigedomsskatten som skulle vera med og finansiera bygginga av kulturhuset. Han gjorde det klart at det ville han ikkje vera med på.
— Me har enkelt og greitt ikkje råd. Er det slik at me er viljuge til å legga ned skular og omsorgssenter for å laga eit monument i sentrum? spurte Finn Ove Solberg (Krinslista for Skånevik) resten av kommunestyret.
Varaordførar Siri Klokkerstuen (Ap) var blant tilhengarane og peika på fordelane ved at Etne vidaregåande skule vil vera med i prosjektet.
— Det ligg nær barnehage, skule, eldrebustader, omsorgssenter og sentrum. Viss me får den vidaregåande skulen inn, får me utvikla kompetansen i bygda vår. Me kan på mange måtar bli eit freistande tilbod, og det er jo det me vil, sa Klokkerstuen, som oppfordra kommunestyret til å våga å satsa og ikkje «parkera» Etne kommune som ho uttrykte det.
— For ein kommune som Etne med denne økonomien trur eg tida aldri blir rett, sa John Karsten Hustveit (H), og meinte ein nå måtte våga å ta sjansen.
Også Ingvor Gundegjerde (Sp) var tilhengar av det, og tala for å satsa på kulturhus for å sikra eit godt kulturtilbod og at ungdommen flyttar heim igjen.
Liv Tungesvik (KrF) såg behovet for eit kulturhus og ein skikkeleg idrettshall, men meinte det kostar for mykje slik økonomien er i dag.
— Det er så vidt me greier å skrapa saman pengar til omsorg og kyrkja. Kjem prisen til å bli at me må redusera på tilbod som ikkje er i sentrum så det ikkje blir like attraktivt å bu i utkantane? Då er me like langt, understreka ho.
Intern splitting
Fleire parti var usamde internt om haldninga til kulturhus. Medan fleirtalet av Sp, Ap og Høgre stemte for, stemte også representantar frå desse partia mot. KrF var også splitta.
— Når partiet mitt ikkje har råd til å oppretthalda Rygg skule på grunn av at me ikkje har pengar, då kan eg ikkje tre månader etterpå seia ja til å bygga eit kulturhus, seier Vannes til Grannar.
Tilhengarane kunne derimot pusta letta ut etter avstemminga.
— Det er ei lette når me nå har eit svar og kan gå i gang. Det har vore ei sak som har betydd mykje. Eg er sikker på at dette vil bety mykje, like mykje som då dei bygde samfunnshuset i Etne og idrettshallen i Skånevik, seier Enge til Grannar, som seier at bygget skal stå klart hausten 2008.
Nå ser ordføraren lyst på framtida for kommunen sitt kulturliv.
— Det er viktig at ein har noko å strekka seg etter i fritida. Kultur og idrett er viktig for mange menneske og kan vera med og setta ein stoppar for destruktiv aktivitet, seier Enge.