Kolumbus på nye vegar?

Vår tids Kolumbus har inntatt arenaen for fullt på Haugalandet, men til forskjell frå 1492 […]

Vår tids Kolumbus har inntatt arenaen for fullt på Haugalandet, men til forskjell frå 1492 går Kolumbus anno 2006 i delvis opptrakka stiar.
Underteikna og mange ellers synest det då fortonar seg ganske merkeleg når Kolumbus reklamerar med fleire avgangar, kortare reisetider osv, osv…
Vi som er elevar på Ølen v.g. skule har i starten på dette året fått oppleve det motsette. På grunn av «feil rutetider» er bussen om morgonen sein, og i tillegg vert dagen «krydra» med ein spasertur på 10 min. frå «Kollektiv-terminalen» i Ølen til Ølen v.g.skule. Dette i sum fører til at elevar i enkelte geografiske område får ein sein start på skuledagen.
For å ikkje «legge stein til byrde» så vonar vi at dette er tilfeldigheter og ikkje styrt utvikling.
Det er aldri for seint å snu, som det lyder i fjellvettreglane.

For elevar på Ølen vidaregåande skule,
Stian Samland