Korrupsjon i kommunane

I seg sjølv er det betryggande at slike ting blir avslørt, men det er ingen […]

I seg sjølv er det betryggande at slike ting blir avslørt, men det er ingen grunn til å tru at korrupsjon og svindel ikkje skjer i eit større omfang enn det som blir avdekt. Så naive har vi ikkje råd til å vere.

Fleire døme på rolleblandingar og direkte korrupsjon i andre delar av landet, har gjort inntrykk på ordførar Leif Johan Sevland i Stavanger. Han vil hyre inn korrupsjonsjeger Eva Joly for å vurdere om rutinane i Stavanger er gode nok. Det viser at ordføraren er villig til å ta problemet på alvor, trass i at han ikkje kjenner til korrupsjonen i sin eigen kommune.
Ved å rette søkjelyset på eit potensielt problem, kan ein i verste fall avsløre snusk, men ikkje minst førebyggje at slikt skjer. Kontroll er nødvendig for å hindre misbruk. Det er heller ikkje berre millionsvindel ein bør vere på jakt etter. Ukultur kan like gjerne handle om rolleblandingar, vennetenester og habilitetsproblem.

Oslo-avisa Aftenposten har nyleg granska 50 kommunar, og fann mistanke om omstridde rolleblandingar i 40 av dei. Det seier seg sjølv at potensialet for slike handlingar er størst i store kommunar. Der har også politikarane oppretta kommunale aksjeselskap og føretak som forvaltar store verdiar.
I mindre kommunar er det meir sannsynleg å finne forskjellsbehandling, vennetenester og inhabilitet, enn direkte svindel og korrupsjon der det er pengar inne i bildet. Ser ein på aktivitetsnivået til kontrollutvala i våre kommunar, tyder det på at alt er idyll. Kontrollutvala ser ut til å ha ei passiv rolle der det blir gjort fint lite. Desse utvala bør ut av hiet og jakte litt meir aktivt på forskjellsbehandling og frynsete habilitet i kommunane.