Køyrde i 119 i 60- sone

Vindafjord lensmannskontor er ferdig med etterforskinga, og har sendt saka over til påtalevurdering ved Haugaland […]

Vindafjord lensmannskontor er ferdig med etterforskinga, og har sendt saka over til påtalevurdering ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Sjåføren har i følgje fartsvurderinga køyrt nesten dobbelt så fort som fartsgrensa i 60-sona vest før Ølen sentrum. Vanlegvis ryk førarkortet ved 86 km/t.
I følgje vitne har den 18 år gamle sjåføren frå Etne køyrd forbi bilar i stor fart før krapp sving, og deretter mista kontrollen over bilen. Ferda stoppa på taket ved eit privathus, fleire meter over vegbana. Det var bar asfalt då ulukka skjedde ein torsdag ettermiddag rundt klokka 14.45.