Kristen internatskule – meir enn ein skule

Så Lundeneset er ein flott skule for dei som ynskjer å flytte heimefrå, samtidig som […]

Så Lundeneset er ein flott skule for dei som ynskjer å flytte heimefrå, samtidig som dei får møta mange nye menneske frå heile landet.
Skulen har ulike studielinjer, som Media og kommunikasjon, Sal og service, allmenne, økonomiske og administrative fag og allmennfagleg påbygging.

Isolert frå omverda
Mange utanfor kan sjå på Lundeneset som ein litt isolert skule sidan elevane ikkje mengar seg så mykje med Ølens-ungdommen. Det er noko rektor Gustav Fosse ser på som svært trist, og skulen har jobba aktivt dei siste åra for å invitera til eit betre kjennskap mellom ungdommane.
— Me har blant anna bygd både ein sandvolleyballbane og ein kunstgrasbane, som er opne for alle som måtte ynskja det, seier han.

Kristen skule
Lundeneset er ein kristen skule, eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband, og det set sitt preg på skulen. Timeplanen til elevane inneheld obligatoriske valfag som Kristen tro og etikk og Vår kristne kulturarv. Sistnemnde er morgonsamlingar der alle elevane på skulen samlast for å få beskjedar og ha ei kristen samling. Gustav Fosse understrekar at kristendommen kan prega undervisninga til ei viss grad, men at du så absolutt ikkje treng vera kristen sjølv for å gå på skulen. Også mange av aktivitetane på fritida, er prega av kristendom. Blant anna er det frivillige bibelgrupper annakvar måndag der det blir lest høgt frå Bibelen og snakka om ulike ting innanfor den. Elevane meiner at kristendommen spelar ei rolle på skulen, men ikkje i alt.
— Det blir liksom det du gjer det til sjølv, du må ikkje vera med på alle dei kristne aktivitetane, men du legg merke til det anten du vil eller ikkje, men det er eigentleg mest positivt, seier Astrid Øverland, som går grunnkurs Media og kommunikasjon.
— Ja, men me skil oss jo litt ut, nokon av oss. Dei fleste her bannar eller drikk ikkje, legg Sigrid M. Godø frå VK1 Sal og service til.

Trivsel og samhald
Tora Tjentland, Astrid Øverland, Sigrid M. Godø, Maria Nordbø og Kari Helen Reime er alle saman einige om at Lundeneset er ein skule med mykje trivsel og understrekar at det er veldig godt samhald mellom elevane, og det er viktig når dei bur så tett på kvarandre.
— Blir de lett leie av medelevane når de ser kvarandre heile tida?
— Jo, lit, men som regel så går det greitt, om ein kranglar litt så blir ein alltid venner igjen etterpå. Det er nettopp det som er så fint, sidan me bur så tett så kan me alltid kjefta litt på kvarandre, men me kjenner kvarandre så godt at me blir lett venner igjen, seier jentene og smiler til kvarandre.
— Korleis er det å bu på skulen?
— Det er veldig kjekt! Det er sosialt, og så har du alltid vennene dine rundt deg, og nokon å låne sko eller klede av.
— Forsvinn mykje av privatlivet?
— Ja, men det er eigentleg ikkje noko problem, du venner deg fort til det. Nokon gonger kan det bli litt mykje, men då er det jo berre til å gå inn på rommet og låsa døra.
— Kan det vera vanskeleg å skilja skule og fritid?
— Nei, det går ganske greitt. Det er ikkje noko problem i det heile, seier Astrid Øverland.
Jentene trivest alle svært godt på skulen og rår alle andre til å gå der. Noko som er veldig bra er at det er så og seia ikkje mobbing på skulen, og det er med på å skapa eit veldig godt miljø som alle kan trivast i.
— Men det kan vera ein del baktaling, og det er ikkje noko bra det heller, men det finst vel eigentleg over alt kvar ein er, seier Kari Helen Reime.
Det verste med å gå på Lundeneset er, i følgje jentene, at dei kan bli veldig skuleleie, at det er litt isolert miljø og at det er fisk til middag to gonger i veka. Spesielt Tora Tjentland er fortvila over dette:
— Den er jo grei nok mesteparten av maten då, men eg likar ikkje fisk, så då blir det nokon turar til Kiwi på meg, og ein Grandiosa i omnen, seier ho og smiler.
— Det eg synest er verst er at det er så langt heimefrå, seier Sigrid M. Godø, som kjem heilt frå Ålesund.
— Eg synest det verste er å reisa heim i feriane, då saknar eg alle vennene mine her på Lundeneset så mykje at eg alltid gleder meg til å reisa tilbake, tilføyer Astrid Øverland.

Lærarane
Jentene fortel at dei har eit godt forhold til lærarane på skulen, og at dei lærer dei å kjenna ikkje berre i skulesamanheng, men også som heile menneske på fritida. Ein kjem liksom nærare kvarandre når ein omgåast så mykje også utanom skuletida. Lærarane meiner også at dei har eit godt forhold til elevane, og at dei trivest godt saman.
— Det blir liksom sånn at du kanskje oppdagar at den dårlegaste mattematikkeleven i klassen, er ein veldig dyktig fotballspelar, eller har ei flott songstemme, seier Elise Haugland, som underviser på skulen.
— Ja, eg synest det er veldig annleis her frå andre skular. Her møter me elevane i fleire situasjonar og samanhengar, så me blir mykje betre kjende med kvarandre, seier Per Ølfarnes.
— Er det eit godt arbeidsmiljø på Lundeneset?
— Ja, det er veldig positivt, eg gleder meg alltid til å byrja å jobba igjen etter ein ferie, seier Elise Haugland
— Det gjer eg òg. Det er ein veldig givande jobb, legg Leif Kåre Kolnes til.

Strenge reglar?
Det er mange reglar på Lundeneset, som på ein kvar annan skule, men er det nokon av reglane som er spesielt vanskelege å overhalda?
— Ja! Innetidene. Me må vera på eige internat klokka 23.00 og på eige rom klokka 24.00 i vekedagane. Det er ganske vanskeleg å halda til tider, men me skjønar godt kvifor dei har slike reglar, seier Astrid Øverland og Kari Helen Reime.
— Kva hender om de bryt ein regel?
— Det kjem heilt ann på kor alvorleg «forbrytelsen» er, men som regel er det ein internatmerknad eller tilsnakk, men det har òg vore elevar som har blitt utviste på grunn av fyrverkeri og liknande.

Helg og fritid
Mange av elevane held til på skulen i helgane, og då er det ofte mange ulike aktivitetar å vera med på. Blant anna har russen på skulen arrangert skulebryllaup, Grand Prix og ulike fotball- og innebandycupar. På fritida er det òg nok av ting å gjera. Skulen ligg ved sjø og fjell, i tillegg til at der er gymsal, kunstgrasbane, sandvolleyballbane, styrkerom, musikkrom, datarom, trøbåt og så vidare. På kveldane blir det også arrangert bibelgrupper, valfag og hobbygrupper og ein del møte der folk frå andre stader kjem for å tala. Nokon kveldar lagar russen til kafé der dei sel alt frå brownies til brus og snop. Då samlast elevane som regel i den nyoppussa stova for å kosa seg og prata saman.

Turar
Lundeneset arrangerer heilt i byrjinga av kvart år ein samanristingstur for at nye elevar skal bli kjende, og for å skapa eit godt miljø for elevane. Dette opplever dei fleste som ein veldig positiv tur, med mange aktivitetar og underhaldning. Til dømes reiste heile 2. klasse i 2005 til Hovden. Der fekk dei prøva alt frå rafting til kulphopping.
Annakvart år blir det også arrangert studieturar. Det er alltid forskjellige turar med ulik prisklasse å velja mellom. I skuleåret 04/05 var det ein tur i Noreg, ein til Russland og ein til USA å velja mellom, og elevane opplevde dette som spanande og flotte turar kor dei fekk sjå og oppleva mange ting som førte dei tettare saman som elevar og venner.

Dyr skule?
Det er ingen som tener pengar på å driva Lundeneset. Skulen får mellom ein halv og ein heil million i gåver per år, og mottek statsstøtte til sjølve undervisninga. Dette skaper gode læremoglegheiter for elevane, sidan det blir kjøpt inn gode undervisningsmidlar som dei kan ta i bruk.
Alt i alt er Lundeneset ein veldig bra skule, med mykje å tilby for elevane. Det kostar litt å gå der, men med tanke på at du får varmt vatn, straum, tak over hovudet, lærdom og fire måltid per dag, er det eigentleg ikkje så gale. I tillegg til alt dette, får du venner for livet frå heile landet, og nokon minneverdige år med samhald, vennskap og lærdom.