Kulturhus: Bibliotek er også viktig

Lokalet der biblioteket er i dag er på 178 kvm og er blant dei minste […]

Lokalet der biblioteket er i dag er på 178 kvm og er blant dei minste i fylket i høve til folketalet. Til samanlikning har både Ølen og Vindafjord nye og større bibliotek.
Lokalet vart planlagt for 25 år sidan i høve til bokbussdrift og korte opningstider, og har verken toalett eller friskluftanlegg. Barne- og ungdomsavdelinga manglar sitjeplassar, bord og hylleplass. Plassmangelen gjer at bøker må setjast så høgt på veggen at folk ikkje kan nå dei.
Biblioteket har om lag 1000 brukarar og nye kjem til mest kvar veke. Skuleklassar frå Enge skule er flittige brukarar og det er stor trengsel ved klassebesøk. 6644 personar var innom hovudbiblioteket i 2003, gjennomsnittleg 37 personar pr. dag. Utlånet har auka med over 117% på 3 år til 9478 utlån.
Nytt hovudbibliotek skal fungera for 3000 innbyggjarar. Nettoareal for biblioteket utgjer 16% av samla utbygging og vil kosta 8,5 millionar. Lokalet skal ha plass til bøker, lydbøker, film, sitjeplassar, utstillingar, datamaskiner, studieplasser, musikk, lokalhistorie, grupperom, datarom for fjernundervisning og prosjektarbeid, kontor og magasin. Det er også berekna plass til lokalhistorisk arkiv for Etne.
Planar om felles resepsjon med kulturhuset vil gjera det mogeleg med utvida opningstider og aktivitet heile dagen. Biblioteket er det pulserande hjartet i eit godt fungerande kulturhus.

Lukke til med nytt hovudbibliotek så snart som råd.

Marit Rønnevik,
biblioteksjef