Kvantesprang for barnehage

Snorklypping, song og musikk, gratulasjonshelsingar og matøkt med pølser og kaker, stod på programmet. Kunne […]

Snorklypping, song og musikk, gratulasjonshelsingar og matøkt med pølser og kaker, stod på programmet. Kunne vera freista til å sitera astronauten Neil A. Armstrong då han som første menneske sette sin fot på månens overflate sa: Eit lite steg for eit menneske, men eit stort sprang for menneskeheita.

Ei enkel feiring i ein barnehage på ein vanleg kvardag, var eit stort sprang for Ølen kommune. Etter mange års arbeid kan kommunen endeleg by dei minste ein god stad å vera. Den nye barnehagen er såleis ikkje berre eit stort sprang for kommunen og politikarane, men i aller høgste grad også for dei yngste innbyggjarane. Det er stor skilnad frå lokala i den gamle doktorbustaden og til nybygget som dei nå har tatt i bruk.

Også under opninga var barna i hovudrolla. Dei var heidersgjestene på festen der dei deltok med song og leik. Seks år gamle Leif Martin Kvamen fekk æra av å klyppa over snora medan alle rundt følgde spent med. Eit stort augeblikk for ein liten gut.
I den nye barnehagen er det for første gong i Ølen plass til barn under tre år. Eit stort framsteg berre det. Fordelt på fire avdelingar, er det i alt plass til 104 barn.
Me ynskjer Ølen kommune, eigaren Trygge Barnehager, dei tilsette og alle barna og deira føresette til lykke med ein ny og flott barnehage.